Interlingua er eit ord som blir brukt om to konstruerte internasjonale hjelpespråk – interlingua/LSF og interlingua/IALA – og om eit mellomspråk i maskinomsetjing.

Faktaboks

Uttale
interlˈingua
Etymologi
latin for ‘mellomspråk’. Ordet er sett saman av dei to latinske orda inter 'mellom' og lingua 'språk'.

På norsk har vi også ordet mellomspråk (engelsk interlanguage), som blir brukt om ei steg av eit framandspråk under innlæring, ei språkform som er eit stykke på veg mot målspråket (det språket ein lærer seg). Til dømes kan den engelsken norske skuleborn kan, kallast eit mellomspråk.

Interlingua/LSF

Giuseppe Peano, skaparen av interlingua/LSF (latino sine flexione).

I 1903 offentleggjorde den italienske matematikaren Giuseppe Peano (1858–1932) eit konstruert internasjonalt hjelpespråk som han kalla latino sine flexione 'latin utan bøying', forkorta LSF. Ganske snart gjekk han over til å kalle språket interlingua. I dag kallar vi det interlingua/LSF for å skilje det frå interlingua/IALA. I 1908 blei Peano leiar i Volapük-akademiet, som same året bytte namn til Academia pro Interlingua 'Akademiet for Interlingua'.

Peano tok utgangspunkt i latin, eit språk som hadde vore velkjent i Vest-Europa sidan Romarrikets dagar, og fjerna det aller meste av bøyingar. Substantiv og adjektiv fekk stort sett ei form som svarte til ablativ eintal i latin, som substantiva latino 'latin' og flexione 'bøying'. Verbet fekk ei form som svarte til ein latinsk infinitiv minus -re, til dømes ama frå latin amare 'elske' og lege frå latin legere 'lese'. Tempus, modus og liknande blei uttrykte med partiklar, hjelpeverb eller adverb, og trong ikkje uttrykkjast om dei kom fram av samanhengen.

Her er byrjinga på Fadervår på latin og interlingua/LSF, med norsk omsetjing:

latin interlingua/LSF norsk
Pater noster qui es in caelis! Patre nostro, qui es in celos! Vår Far i himmelen!
Sanctificetur nomen tuum. Que tuo nomine fi sanctificato. Lat namnet ditt helgast.
Adveniat regnum tuum. Que tuo regno adveni. Lat riket ditt koma.
Fiat voluntas tua Que tuo voluntate es facto Lat viljen din råda på jorda
sicut in caelo et in terra. sicut in celo et in terra. slik som i himmelen.
Panem nostrum quotidianum da nobis hodie, Da hodie ad nos nostro pane quotidiano, Gjev oss i dag vårt daglege brød,
et dimitte nobis debita nostra, et remitte ad nos nostro debitos, og tilgjev oss vår skuld,
sicut et nos dimittimus debitoribus nostris; sicut et nos remitte ad nostro debitores. slik vi òg tilgjev våre skuldnarar.

Interlingua/LSF oppnådde ein viss popularitet, men etter andre verdskrigen har det vore lite i bruk.

Interlingua/IALA

Historia til interlingua/IALA byrja i 1924, då det amerikanske ekteparet Alice Vanderbilt Morris (1874–1950) og Dave Hennen Morris (1872–1944) skipa organisasjonen International Auxiliary Language Association (IALA). IALA, som i utgangspunktet berre hadde som mål å finne ut kva for eit av dei eksisterande konstruerte hjelpespråka – mellom anna esperanto og interlingua/LSF og novial – som var mest veleigna, tok etter ti års arbeid initiativet til å skape sitt eige alternativ, i samarbeid med mange av dei fremste lingvistane i verda på denne tida, mellom anna dansken Otto Jespersen (1860–1943) og franskmannen André Martinet (1908–1999).

I 1951 gav IALA ut boka Interlingua Grammar der den tysk-amerikanske lingvisten Alexander Gode (1906–1970) og den amerikanske lingvisten Hugh Blair (1909–1967) la fram interlingua/IALA, med innføring i ortografi og uttale, grammatikk, ordliste og eksempeltekstar. Dette nye hjelpespråket likna så mykje på det gamle interlingua/LSF at dei heldt på namnet. Mens interlingua/LSF byggjer direkte på latin, byggjer interlingua/IALA på moderne romanske språk. For at eit ord skal takast i bruk i interlingua/IALA, måtte det finnast i dei romanske språka spansk, portugisisk, italiensk og fransk og det germanske språket engelsk, som er fullt at romanske lånord. Ein tok òg i ein viss grad omsyn til tysk og russisk.

Interlingua/IALA og interlingua/LSF skil seg frå til dømes esperanto, og endå meir frå volapük, ved å vere meir «naturalistiske», ved at orda har ei form som ligg nærmare det ein finn i naturlege ikkje-konstruerte språk, slik at dei er forståelege utan læring for dei som kan eitt eller fleire romanske språk frå før. Her er ein tekst som illustrerer dette:

esperanto interlingua/IALA norsk
Multaj el ĉiuj tiuj junaj kaj maljunaj idealistoj, kiuj aliĝis al Esperanto jam dum la unuaj jaroj kaj esperis ĝian tujan enkondukon en ĉiujn lernejojn, baldaŭ estis seniluzigitaj. Multos de omne le idealistas juvene e vetere, qui adhereva a Esperanto jam durante le prime annos e sperava su introduction immediate in omne scholas, tosto esseva disillusionate. Mange av alle dei unge og gamle idealistane som slutta seg til esperanto dei første åra og håpa på ei innføring med det same i alle skular, blei snart skuffa.

Her er same byrjinga på Fadervår på interlingua/IALA som er presentert ovanfor på interlingua/LSF og latin:

  • Patre nostre, qui es in le celos, que tu nomine sia sanctificate. Que tu regno veni. Que tu voluntate sia facite como in le celo, etiam super le terra. Da nos hodie nostre pan quotidian, e pardona a nos nostre debitas como etiam nos los pardona a nostre debitores.

Dei første åra var det stor interesse for interlingua/IALA, og fram til 1970-talet var det mange vitskaplege tidsskrift som trykte artikkelresymé på dette språket. I dag er det Union Mundial pro Interlingua (IMU) 'Verdas interlingua-union' (skipa i 1955) som fremjar språket. Det einaste konstruerte hjelpespråket som i dag blir brukt meir enn interlingua/IALA, er esperanto.

Interlingua som mellomspråk i maskinomsetjing

Datamaskinell omsetjing mellom språk kan gjerast ved at ein utviklar system for å setje om direkte mellom to og to språk, til dømes mellom norsk og engelsk, norsk og tysk, norsk og fransk, tysk og engelsk, tysk og fransk, engelsk og fransk og så bortetter. På 1950- og 1960-talet var det den vanlege modellen, men på 1970-talet begynte arbeidet med å konstruere eit interlingua, eit mellomspråk, slik at ein kunne lage eit system for å setje om mellom norsk og dette mellomspråket, tysk og dette mellomspråket, engelsk og dette mellomspråket og så bortetter. Kva gong eit nytt språk blei teke med, trong ein berre lage eit system for å setje om mellom dette nye språk og mellomspråket.

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg