Brødskive med leverpostei
Leverpostei er eit populært og tradisjonsrikt pålegg i Noreg.
Av /Matprat.

Innmat er etande indre organ frå husdyr og vilt.

Kva delar som blir brukte til menneskemat, varierer tradisjonelt mellom ulike land. I Noreg er det for det meste tunge, lever, hjarte, lunge, blod og nyre som blir brukt. I hovudsak blir dette omarbeidd til kjøtprodukt som leverpostei, spekepølser, pølser, lungemos og blodpudding. I tillegg blir tarmar brukte til pølseproduksjon.

Nokre andre typar innmat er vom, mage, jur og testiklar, som det ikkje er vanleg å bruke til menneskemat i Noreg. Vom er likevel til dømes ein sentral del av den tradisjonelle skotske matretten haggis.

Innmat blir i forskriftene rekna som ei kjøtråvare på lik linje med alle andre etande delar av dyret.

Mat til dyr

Mykje innmat blir òg brukt i fôr til kjæledyr som hund og katt. I 2020 blei 66 prosent av innmaten frå norske slaktedyr nytta til dette formålet.

Bruk og historikk

Historisk sett har innmat vore ein viktig del av kosthaldet i Noreg. Innmat inneheld mange viktige næringsstoff og har vore billigare enn kjøt. Gamle norske kokebøker (til dømes av Henriette Schønberg Erken) har mange sider med oppskrifter som viser bruk av innmat, og det same gjeld bøker i heimkunnskap brukt på barneskular for 50 år sidan.

Bruken av innmat i kosthaldet har minka gradvis i takt med den økonomiske velstanden i Noreg. Det berekna forbruket av innmat per person er redusert frå 2,4 kg av det totale kjøtforbruk i 1990 (6,2 prosent) til 1,9 kg (3,6 prosent) i 2020. Bruken av innmat i mat til menneske er viktig for å utnytte mest mogleg av slaktedyret og på den måten bidra til ein meir berekraftig kjøtproduksjon.

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg