Ingressiv er ei form av verbet som uttrykkjer byrjinga på ei handling eller overgangen til ein tilstand, som sovne 'begynne å sove' og kvitne 'bli kvit'.

Faktaboks

Uttale
ˈingressiv
Etymologi

av latin ingressus 'framskriding, inngang, byrjing'

Andre namn på ingressiv er inkoativ og inseptiv.

Aksjonsart

Ingressiv er ein aksjonsart — også kalla leksikalsk aspekt — ein grammatisk kategori som gjeld korleis handlinga eller tilstanden er strukturert langs tidsaksen. Her er nokre andre aksjonsartar:

  • durativ (vedvarande)
  • punktuell (svært kortvarig, momentan)
  • semelfaktiv (handlinga skjer éin gong)
  • iterativ (handlinga skjer fleire gonger)

Det motsette av ingressiv er egressiv, som uttrykkjer avslutninga på ei handling eller ein tilstand.

Ingressiv i fonetikken

Termen ingressiv blir òg nytta i fonetikken, om lydar som blir produserte med inngåande luftstraum, jamfør ingressiv lyd.

Ingressive verb i norsk

Norsk har fleire ingressive verb med avleiingssuffikset -n, som er lagt til rota til eit verb eller eit adjektiv:

Ikkje-ingressivt verb Ingressivt verb Adjektiv Ingressivt verb
sov-e sov-n-e bleik bleik-n-e
vak-e vak-n-e klar klar-n-e
kvit kvit-n-e
lys lys-n-e
mørk mørk-n-e
still stil-n-e
stiv stiv-n-e
svart svart-n-e

Ingressiv i latin

Den latinske ingressiven har suffikset -sc, som dannar verb i 3. konjugasjon. Dei er danna frå verb, adjektiv eller substantiv:

  • calēre 'vere varm' ⇨ calēscere 'bli varm'
  • rubēre 'vere raud' ⇨ rubēscere 'raudne, bli raud'
  • labāre 'sjangle' ⇨ labāscere 'begynne å sjangle'
  • iuvenis 'ung; ung mann' ⇨ iuvenēscere 'bli ung'
  • īrātus 'sinna' ⇨ īrāscī 'bli sinna' (passivt verb)
  • mītis 'mild' ⇨ mītēscere 'bli mildare'
  • vesper 'kveld' ⇨ vesperāscere 'ta til å kveldast, bli seint'

Ingressiv i nordsamisk

Dei samiske språka er uvanleg rike på mekanismar for å danne ingressive verb, som i desse språka oftast blir kalla inkoative. Her er nokre døme frå nordsamisk:

Grunn-verb Tyding Ingressivt verb Tyding
lohkat lese / telje lohkagoahtit begynne å lese / telje
buohcit vere sjuk buohccát bli sjuk
čeagŋát sitje på huk čegŋet huke seg ned
golgat flyte, drive golggiidit begynne å flyte, drive av stad
bieggat blåse (om vind) biekkastit begynne å blåse (om vind)

Les meir i Store norske leksikon

Litteratur

  • Nickel, Klaus Peter og Pekka Sammallahti 2011. Nordsamisk grammatikk. Kárášjohka/Karasjok: Davvi Girji.

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg