Indikativ er namnet på former av verbet som blir brukte i vanlege forteljande eller spørjande setningar: Eg er svolten. Har du mat?

Faktaboks

Uttale
indˈikativ
Etymologi

av latin indicare 'kunngjere'

Indikativ høyrer heime i den grammatiske kategorien modus, som uttrykkjer korleis den som snakkar eller skriv, brukar og stiller seg til innhaldet i ei setning — er det til dømes ei oppmoding, ein ordre, ein påstand eller eit ønske? Modus er ein eigenskap ved finitte verbformer.

I norsk står indikativ først og fremst i motsetnad til imperativ. I mellom anna tysk står indikativ i motsetnad til imperativ og konjunktiv, som illustrert i avsnittet Indikativ i tysk lenger nede.

Indikativ i norsk

Det norske verbet har fem bøyingsformer, og to av dei — presens og preteritum — har modusen indikativ:

Bøyingsform Namn i moderne skulegrammatikk Modus Finitt/infinitt
byggje infinitiv - infinitt
bygd perfektum partisipp - infinitt
byggjer presens indikativ finitt
bygde preteritum indikativ finitt
bygg imperativ imperativ finitt

Setningar der verbet står i indikativ, er forteljande eller spørjande:

  • Jesus gjekk ut langsmed sjøen att. Der kom det mykje folk til han, og han underviste dei.
  • Kva har ein lov til på sabbaten?

Indikativ i tysk

Tysk skil mellom dei tre modusane indikativ, konjunktiv og imperativ. Indikativ blir nytta for å slå fast eller spørje om eit saksforhold:

  • Jesus ging wieder hinaus zum See. Die ganze Volksmenge kam zu ihm und er lehrtesie.
    • Jesus gjekk ut langsmed sjøen att. Der kom det mykje folk til han, og han underviste dei.
  • Was ist am Sabbat erlaubt?
    • Kva har ein lov til på sabbaten?

Konjunktiv uttrykkjer at talaren seier noko som berre er mogeleg, ikkje verkeleg eller eit ønske:

  • Er lief, als ob der Teufel hinter ihm her wäre.
    • Han sprang som om djevelen var etter han.

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg