Indeklinabel tyder 'ubøyeleg' og blir brukt i grammatikken om ubøyelege ord i ein ordklasse som normalt har deklinasjon. På norsk gjeld dette bøying i numerus, binding (bestemtheit) og genus (grammatisk kjønn). Norske adjektiv som blærete og aparte er indeklinable.

Faktaboks

Uttale
indeklinˈabel
Etymologi
av latin indeclinabilis 'ubøyeleg, uforanderleg'

Indeklinable ord fyrst og fremst substantiv, adjektiv, pronomen og determinativ, men i ein del språk også partisipp.

Indeklinable substantiv og adjektiv i norsk

Det finst mange norskev adjektiv som ikkje blir bøygde i det heile. Dei endar som regel på -e, som allehande, aparte, bakre, vestre, austre, diverse, ekte, ellevte, medrekna alle på -ete og -ande (tidlegare kalla presens partisipp), som (om arrete, blærete, dustete, eineståande, epokegjerande og allvitande.

Her er ei samanlikning mellom det deklinable adjektivet fin og det indeklinable adjektivet ekte:

Deklinabelt adjektiv: fin Indeklinabelt adjektiv: ekte
ein fin diamant ein ekte diamant
ei fin perle ei ekte perle
eit fint gullsmykke eit ekte gullsmykke
fine diamantar / perler / gullsmykke ekte diamantar / perler / gullsmykke
den fine diamanten / perla den ekte diamanten / perla
det fine gullsmykket det ekte gullsmykket
dei fine diamantane / perlene / gullsmykka dei ekte diamantane / perlene / gullsmykka

Eit indeklinabelt adjektiv kan vere komparabelt – det kan komparerast i positiv, komparativ og superlativ, som ekteektareektast.

Dei fleste særnamn (eigennamn, proprium) indeklinable, trass i at dei er substantiv – jamfør personnamn som Odd og Margit, stadnamn som Oslo og Rauland og namn på naturformasjonar som Glåma, Galdhøpiggen og Skagerrak. Men dette har ei semantisk forklaring. Særnamn kan brukast som samnamn (fellesnamn, appellativ), og blir då bøygde: Det finst mange Odd-ar og Margit-er her i bygda!

Indeklinable substantiv i engelsk

I engelsk, der dei fleste substantiv har to bøyingsformer, som eintal horse, cow og fleirtal horses, cows, kan substantivet sheep, som har same form i eintal og fleirtal, reknast som indeklinabelt.

Det same gjeld mellom anna substantiv som endar på -ese, som Chinese 'kinesar; kinesarar', Faeroese 'færøying; færøyingar', Genoese 'genovesar; genovesarar' og Vietnamese 'vietnamesar; vietnamesarar'.

Indeklinable substantiv i latin og gamalgresk

I latin og gamalgresk er mange framande eigennamn indeklinable — dei blir bøygde i verken kasus eller numerus (tal). Det gjeld mellom anna ei lang rekkje bibelske namn av hebraisk opphav. Her er nokre få eksempel:

Norskl Latin Gamalgresk Hebraisk
Josef Ioseph Iōsḗph (Ἰωσήφ) Josep [josef] (יוסף)
Samuel Samūēl Samouḗl (Σαμουήλ) Šmu'el [ʃǝmuʔel] (שמואל)
Jeriko Ierīchō Ierikhṓ (Ἰεριχώ) Jriḥo [jǝriħo] (יריחו)
Elisabet Elisabeth Elisábet (Ἐλισἀβετ) 'Elišɛbe‘ [ʔeliʃɛveʕ] (אלישבע)

Indeklinable substantiv i russisk

I språk med meir bøying enn norsk er det ikkje uvanleg at relativt nye lånord er indeklinable. Slik er det i russisk, der mellom anna det franske lånordet kanape (канапе) 'kanapé' og det engelske kvinnenamnet Ėdit (Эдит) 'Edit' er indeklinabelt, slik at det verken blir bøygt i numerus eller kasus, som vist i desse setningane:

  1. Ėto očen' vkusnye kanape. (Это очень вкусные канапе.) 'Dette er veldig velsmakande kanapear.'
  2. Ja ljublju slušat' pesnju Ėdit. (Я люблю слушать песню Эдит.) 'Eg elskar å høyre på songen til Edit.'

At kanape (канапе) i setning 1 må setjast om til norsk med fleirtalsforma kanapear, går fram av adjektivforma vkusnye (вкусные) 'velsmakande', som er inkjekjønn fleirtal av vkusnyj (вкусный).

At Ėdit (Эдит) 'Edit' i setning 2 må setjast om med til Edit, som om det på russisk var nytta ei genitivform, følgjer av posisjonen etter substantivet pesnju (песню), som er akkusativ eintal av pesnja (песня) 'song'.

Andre døme på indeklinable lånord er menju (меню) 'meny', kafe (кафе) 'kafé', kenguru (кенгуру) 'kenguru', šimpanze (шимпанзе) 'sjimpanse', paparacci (папарацци) 'paparazzi' og rezjume (резюме) 'resymé'.

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg