Imago påvirkar eller forvrenger bilete vårt av røynda.

.
Lisens: Avgrensa gjenbruk

Imago i psykoanalysen er eit psykoanalytisk omgrep brukt av Carl Gustav Jung om den subjektive, umedvitne oppfatninga av ein person eller ein ting, til dømes faren eller mora slik ho blir danna i barndommen.

Faktaboks

Uttale
imˈago
Etymologi
av latin 'bilete'

Jung meinte at imago er ein kombinasjon av personlege røynsler og arketypar frå det kollektivt umedvitne. Ein kan erfare det personlege imago gjennom projeksjonar mot andre menneske, det vil seie sterke, subjektive oppfatningar om dei rundt ein. Imago er ikkje berre eit resultat av kva mora eller faren vår har gjort mot oss i livet, men knyter seg òg opp mot generelle, kulturelle og historiske omgrep om kva det vil seie å vere ei mor eller ein far.

Tidsskriftet Imago blei gitt ut mellom 1912 og 1937. Det var grunnlagd av Otto Rank, Hanns Sachs og Sigmund Freud og ønska på psykoanalytisk basis å utforske sambanda mellom psykologi og mytologi, språkvitskap, folketru og religionsvitskap.

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg