Høgnorsk er ein konservativ variant av nynorsk som er svært lite bruka i dag.

Høgnorsk og riksmål voks fram som ein reaksjon på tilnærminga mellom bokmål og nynorsk i mellomkrigstida, særleg uttrykt i den store, felles rettskrivingsreforma i 1938. I denne reforma måtte mange trekk i den tradisjonelle nynorsken vika til fordel for former som låg tettare opp til bokmålet. I høgnorsk er slike trekk bevarte, til dømes skiljet mellom sterke og svake hokjønnsord: Ei gjente/gjenta, gjenta, gjentor, gjentone (nynorsk ei jente, jenta, jenter jentene) og ei sak, saki, saker, sakene (nynorsk ei sak, saka, saker, sakene).

Grunnlaget for høgnorsk rettskriving og grammatikk er følgjerett og etymologisk: ganga, gjeng, gjekk, hev gjenge og segja, segjer, sagde, hev sagt (nynorsk gå, går, gjekk, har gått og seia, seier, sa, har sagt) og former som breid, fyrr, so, tvo (bokmål og nynorsk brei, før, så, to). Lars Eskelands Norsk Ordliste frå 1921 er gjerne nytta som ordliste for høgnorsk.

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg