Hærmygg
Hærmygg
Av .
Lisens: CC BY SA 3.0

Hærmygg eller sørgemygg er ein familie av insekter i orden tovinger, i nær slekt med soppmygg. Dei er vanskelege å bestemma fordi det er mange artar med subtile skilnadar, i verda er det kjend om lag 2720 artar. Det er funne 143 ulike artar i Noreg, men det finnest sannsynlegvis ganske mange fleire.

Faktaboks

Også kjend som
sørgemygg
Vitskapeleg namn
Sciaridae

Beskrivelse

Dei vaksne myggane er små til mellomstore, men vanlegvis mellom 1 til 2 millimeter lange. Dei fleste er gråsvarte og spinkle, men nokre få artar er raudlege og karakteristiske. Vengene har små hår og redusert årenett; nokre få artar manglar vengene heilt. Hovudet har augo i ei smal bru over antennene, som er lange og perlesnorliknande hjå dei fleste artane. Beina har sporer på tibiae («leggane») og bakkroppen er som regel tilspissa.

Larvene har eit skinande svart hovud og ein beinlaus, kvitaktig eller glasklar sylindrisk kropp.

Levevis

Hærmygg finnest i dei aller fleste slags leveområde på land, men det er færre artar i opne og tørre landskap. Larvene er nedbrytarar av daudt plantemateriale, et sopp, ved eller friskt plantevev, og utviklar seg ofte i jord. Nokre artar i slekta Bradysia er hyppige innandørs der larvene utviklar seg i blomsterpotter, særleg ved for mykje vatning.

Vaksne hærmygg lever mellom to og ti dagar, og lever anten av nektar eller tek ikkje til seg føde i det heile. Dei flyttar seg helst rundt til fots, då dei flyg relativt dårleg.

Namnet hærmygg kjem av at nokre av artane har larver som opptrer i masseforekomstar der larvene «marsjerar» i opp til ti meter lange rekker som vandrar mellom habitata sine på seinsommaren og hausten. I norske dialektar kallar ein dette mellom anna hærorm, markskrei, ormedrag, budrag og fedrag. Til saman liknar larvene ein orm, og det kan hende noko av årsaka til åtferda er mimikry. I folketrua har ein ofte tolka det som varsel om krig, pest eller anna ulukke.

Les mer i Store norske leksikon

Eksterne lenker

Faktaboks

hærmygg
Sciaridae
GBIF-ID
3525

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg