Hyrdestær
Av /via Encyclopedia of Life.
Lisens: CC BY NC 4.0

Hyrdestær er ein stor sporvefugl i stærfamilien og har naturleg utbreiing i Asia og Midtausten.

Faktaboks

Vitskapeleg namn
Acridotheres tristis
Beskriven av
(Carl von Linné, 1766)
Framandartstatus i Noreg
NK – Ingen kjent risiko

Som vaksen veg fuglen rundt 120 gram.

Arten er knytt til jordbruksland, urbane område, mangroveskog, og tørr og overfløymd tropisk grasmark. Hyrdestær er i stor grad altetande og lever mellom anna av virvellause dyr (invertebratar), små varmblodige dyr og vekselvarme virveldyr som han finn på bakken.

Hekking skjer tre gongar i året, og i løpet av kvar hekkeperiode legg hofuglen rundt fire egg som blir ruga ut i løpet av ca. 18 dagar. Reira blir bygd i hôlrom. Ungane forlèt reiret om lag tre veker etter klekking og blir kjønnsmodne i løpet av eitt år.

Hyrdestær lever vanlegvis i rundt fem år, men enkelte individ kan bli opptil seks år gamle.

Les meir i Store norske leksikon

Faktaboks

hyrdestær
Acridotheres tristis
Artsdatabanken-ID
184366

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg