Hoppe paradis er ein leik der ein etter bestemte reglar hinkar eller hoppar i eit mønster teikna på bakken. Leiken har mange variantar og er kjend over store delar av verda.

Historie

Hoppe paradis
Barns som hopper paradis i et gårdsrom i Kristiania, 1904.
Av /Oslo Museum.
Oslo 1947
Av /Nasjonalbiblioteket.
Lisens: CCO 1.0

Det finst fleire teoriar om opphavet til paradis-leiken. For meir enn 2000 år sidan omtalte romerske historieskrivarar ein leik som kan likne på paradis, men dei eldste sikre spora ein har er frå 1600-talet. Då nemner engelskspråklege kjelder «scotch-hopper» som ein leik for gutar.

Fleire av paradismønstera kan likne på grunnplanet i ei kyrkje, og vi veit at barn leikte på golvmosaikkane i katedralar rundt om Europa for fleire hundre år sida. Mange meiner difor at paradisleiken kan knyttast til kyrkjehistoria.

Reglar

Det finst ei rad med ulike mønster og reglar for å hoppe paradis. Nokre av dei mest vanlege er eit rektangel med 6–12 ruter, «flygaren» med to venger ut frå rektangelkroppen, og «spiralen».

Ein hovudregel at ein ikkje skal kome borti strekane eller kome utanfor mønsteret. Då fell ein ut av leiken og må starte på nytt.

Ofte blir det brukt ei lita steinhelle som ein kastar inn i ei rute og skal skubbe vidare med foten når ein hoppar.

Les meir i Store norske leksikon

Litteratur

  • Enerstvedt, Åse: Vil du vite hvordan barn lekte i gamle dager? Eide forlag 2004.
  • Enerstvedt, Åse: Tampen brenn. Samlaget 1982.
  • Norås, Thor G: Barnet i liv og lek. Barnekultur i en brytningstid. Dreyer bok 1974.

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg