historiografi

Herodot reknast ofte som far til historiefaget. Romersk kopi. Museo Archeologico Nazionale, Napoli.

.
Lisens: Begrenset gjenbruk
Leopold von Ranke utforma det moderne historiefaget.
Av /Bildarchiv Preußischer Kulturbesitz.
I Noreg var Peter Andreas Munch ein av dei fyrste moderne historikarane.
/NTNU UB.
Lisens: CC BY SA 4.0

Artikkelstart

Historiografi er utforsking og framstilling av historieskrivinga si eiga historie. Historiografi kan på mange måtar kallast «historie om historie».

Faktaboks

Uttale
historiografˈi
Etymologi
av historie og -grafi

Historiografien sporar framveksten av historie som eit moderne vitskapleg fag attende til den tyske historiske skulen og historismen på byrjinga av 1800-talet. Det skjedde då ei profesjonalisering av faget. Historismen ville fortelje historia på historieskrivinga sine eigne premissar og fange særtrekka ved kvar historisk periode.

På 1900-talet utfordra to breie straumdrag den klassiske historismen. Det eine kom med samfunnsvitskapane, som demokratiserte historiefaget. Fokuset gjekk bort frå det individuelle, og store menn sine intensjonar, og vende seg mot dei sosiale strukturane og sosiale endringar. Dette straumdraget braut òg med den utanrikspolitisk orienterte politiske historia.

Den andre utfordinga var meir fundamental. Ho kom i kjølvatnet av dei destruktive sidene ved moderniteten, som hadde vorte tydelege under den andre verdskrigen. I 1960-åra resulterte dette i eit samanbrot for dei store forteljingane, noko som innebar ei fragmentering av dei historiske emna, og det vart stilt spørsmål ved om det var mogleg å gjere objektive historiske undersøkingar. Det skjedde ei språkleg vending, der språket og måten språket var med på å forme den røyndomen som skulle skildrast, fekk større merksemd.

Norsk historieskriving har i store trekk følgt straumdraga i den vestlege tradisjonen, men framveksten av nasjonalstaten har spela ei særleg sentral rolle og har vore ei viktig ramme for norsk historisk forsking. I norsk historieskriving har det òg synt seg ein konservatisme, gjennom ei tydeleg forseinking i viljen til å ta til seg nye straumdrag i faget.

Historikaren og historieskriving

Historiografien tek for seg dei grunnleggjande kjenneteikna ved historieskriving. Den tar som utgangspunkt at ulike kulturar, så vel som den same kulturen i ulike periodar, har spesielle kjenneteikn. Historiografien spør korleis det er mogleg for historikaren, som nødvendigvis må arbeide ut frå den kulturen ho eller han er ein del av, å gi ei «objektiv» framstilling av ein annan kultur og ei anna tid. Problemet ligg i den bevisste eller ubevisste overføringa av historikarens eigne kulturelle førestillingar om den kulturen som vert studert. Ein er sjølvsagt påverka av den kulturen ein lev i, med fare for etnosentrisme. Men ein er òg prega av ståstaden sin innan den generelle kulturkretsen, til dømes av den sosiale gruppa forskaren er fødd i og av det (fag)miljøet ho eller han har vorte ein del av. Dessutan vil forskaren kunne vere påverka av meir dagsaktuelle politiske og samfunnsmessige spørsmål, slik til dømes mange historikarar i Noreg har vurdert Dansketida i lys av nasjonsbygginga på 1800-tallet og sjølvstendigheita i 1905.

Historiografi før og no

Eldre historiografisk forskning var særlig innretta på å studere dei store historikarane og arbeidet deira, ut frå korleis dei var prega av tankar eller politiske tilhøve i tida dei levde. Etter kvart har ein òg analysert forskningsmiljøa og endringar i historikaranes forskningsmønstre. Ut frå det har ein prøvd å påvise ulike periodar i historieskrivingas og historieforskningas historie.

I nyare historiografi har ein òg lagt vekt på at forskningsinterne tilhøve påverkar forskninga. Det kan til dømes vere systemet for oppbygginga av forskningsinstitusjonar (kamp mellom tradisjonelle universitetsinstitutt og nye høgskuler og frittståande institutt), danning av uformelle statushierarki (fagets nestorar dominerar fagmiljøa), etablering av forskarorganisasjonar (profesjonsgrupper) og forskningstradisjonen.

Historieskrivingas utvikling

Ulike formar for historieskriving går attende til dei eldste samfunna vi kjenner. Anten det er mytologiske framstillingar eller innskriftene til dei første kongane i Mesopotamia, som ville forme ettermæla sine, finn vi eldgamle spor etter historieskriving. Ei utvikling skjedde med innføringa av kronologiske hendingsforløp i ulike former for krøniker. Vi ser dette først hos Herodot, og i norsk samanheng er dei norrøne sagaene døme på slike krøniker. Med opplysningstida kom meir komplekse forklaringar inn, men fortidsmenneska vart framleis vurderte ut frå ein rasjonell målestokk hos den som fortalde om samtida si.

Historisme

Historismen braut med opplysningstida si tru på eit universelt framsteg. Institusjonalisering, profesjonalisering og vitskapleggjering er sentrale omgrep for denne tida, då historieskriving vart ein vitskap. Den tyske historikaren Leopold von Ranke var den fremste representanten for den tyske historiske skulen og historismen som denne skulen representerte. Formuleringa om at historieskrivinga skulle rekonstruere fortida «wie es eigentlich gewesen», altså slik ho verkeleg var, har vorte ståande etter Ranke. For å kunne gjere dette måtte vitskapen vie merksemda si til originalkjeldene og lese dei på ein vitskapleg og sakleg måte. Kjeldekritikken, som framleis står sentralt i historiefaget, har røtene sine i den tyske historismen.

Den norske historiske skulen

I norsk historieskriving har vi ein parallell til den tyske historiske skulen i det som vert omtalt som den norske historiske skulen i tiåra etter 1814. Det var viktig for profesjonaliseringa at Noreg hadde fått eige universitet i 1811. Brotet med Danmark og dei nasjonale straumdraga etter lausrivinga frå Danmark viste att i historieskrivinga. Rudolf Keyser og Peter Andreas Munch var dei fremste historikarane innanfor den norske historiske skulen, og dei var opptekne av å vise ei heroisk norsk historie, som skilde seg frå historia i nabolanda.

Midt på 1800-talet kom evolusjonismen for alvor inn i norsk historieskriving. Det store namnet var Ernst Sars og storverket Udsigt over den norske Historie (1873–1891). Her fortel Sars den norske historia som ei enkel rørsle frå fortida og inn i framtida, ei rørsle fram mot nasjonalt sjølvstende. Der «den norske skulen» hadde sett det særeigne i kvar historiske epoke, var det for Sars ei utvikling med ei retning, og han samla det heile i ein syntese. Sars si forståing av historia var nær einerådande i Noreg ved unionsoppløysinga i 1905.

Marxistisk historieskriving

På byrjinga av 1900-talet var Edvard Bull d.e. og Halvdan Koht dei fremste historikarane. Dei rekna seg som marxistar og la difor vekt på klassekamp, økonomi og materielle tilhøve. Dei stod for ein meir radikal kjeldekritikk og tok eit oppgjer med truverdet til sagaene. Begge var engasjerte i arbeidarrørsla, og frå 1930-åra var det nærmast ein unison konsensus kring sosialdemokratisk politikk og ideologi i norsk historieskriving. Det Ottar Dahl har kalla dei pragmatiske materialistane, Sverre Steen og Jens Arup Seip, var sentrale noko seinare i denne perioden. Også dei hadde eit materialistisk grunnsyn, men med ei meir pragmatisk haldning til den historiske materialismen slik Karl Marx hadde teikna han opp.

Etter 1945 tok Jens Arup Seip eit oppgjer med den nasjonale idealismen hos Ernst Sars og Halvdan Koht, og eit meir empirisk forskingsideal vart rådande. Krigstida hadde verka som motgift mot ideologisert historieskriving. Framleis var ein oppteken av norsk historie.

Den språklege vendinga

Den grunnleggjande kritikken frå kulturvitskapane og den språklege vendinga har ikkje brote opp det historiske lauget i Noreg. Men frå 1970-åra har det kome kritikk mot empirismen og positivismen. Kritikken som gjekk ut på at dei einskilde hendingane og livshistoriene kunne forsvinne i strukturane, fall saman med ei interesse for det individuelle og subjektive. Historiske studiar har vorte retta mot det som har vore marginaliserte grupper i tradisjonell historieskriving, og norske historikarar har arbeidd med ei heilt anna breidd både metodisk og geografisk enn tidlegare.

Les mer i Store norske leksikon

Litteratur

  • Boyd, Kelly, red.: Encyclopedia of historians and historical writing, 1999, 2 b., isbn 1-884964-33-8, Finn boken
  • Burke, Peter, red.: New perspectives on historical writing, 2nd ed., 2001, isbn 0-7456-2427-8, Finn boken
  • Dahl, Ottar: Norsk historieforskning i det 19. og 20. århundre, 4. utg., 2007, isbn 978-82-13-02601-7, Finn boken
  • Fulsås, Narve: «1905 og stabiliseringa av norsk historie», i Gustafsson, Harald ofl. (red.): Den dubbla blicken. Historia i de nordiska samhällena kring sekelskiftet 1900. Lund 2007
  • Hubbard, William H. ofl. (red.): Making a Historical Culture. Historiography in Norway. Oslo 2001
  • Iggers, Georg G.: Historiography in the twentieth century, 1997, isbn 0-8195-6306-4, Finn boken
  • Kjeldstadli, Knut: Fortida er ikke hva den en gang var. En innføring i historiefaget. Oslo 1999
  • Kjeldstadli, Knut: «History as Science», i William H. Hubbard ofl. (red.): Making a Historical Culture. Historiography in Norway. Oslo 2001
  • Melve, Leidulf: Historie. Historieskriving frå antikken til i dag. Oslo 2010
  • Munslow, Alaun: The Routledge companion to historical studies, 2000, isbn 0-415-18495-9, Finn boken
  • Stråth, Bo ofl.: «Evaluering av norsk historiefaglig forskning. Bortenfor nasjonen i tid og rom. Fortidens makt og fremtidens muligheter i norsk historieforskning». Rapport til Noregs Forskingsråd i 2008

Kommentarer

Kommentaren din publiseres her. Fagansvarlig eller redaktør svarer når de kan.

Du må være logget inn for å kommentere.

eller registrer deg