Himalayaskrike
Av /via Encyclopedia of Life.
Lisens: CC BY 3.0

Himalayaskrike er ein stor sporvefugl i kråkefamilien og har naturleg utbreiing i Sentral-Asia og på det indiske subkontinentet.

Faktaboks

Vitskapeleg namn
Garrulus lanceolatus
Beskriven av
Vigors, 1830

Som vaksen er fuglen ca. 30 cm lang og veg rundt 97 gram.

Arten er knytt til tropisk fjellskog, dyrkbar mark og høgtliggjande tropisk buskmark. Himalayaskrike lever i hovudsak av virvellause dyr (invertebratar), frukt og frø som han finn på bakken og i buskar.

Hekking skjer éin gong i året, og i løpet av hekkeperioden legg hofuglen rundt fire egg som blir ruga ut i løpet av ca. 16 dagar.

Les meir i Store norske leksikon

Faktaboks

himalayaskrike
Garrulus lanceolatus
Artsdatabanken-ID
181864

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg