Himalayagribb
Av /via Encyclopedia of Life.
Lisens: CC BY NC SA 2.0

Himalayagribb er ein fugl i haukefamilien og ein av dei største rovfuglane i verda. Arten har naturleg utbreiing i Asia.

Faktaboks

Vitskapeleg namn
Gyps himalayensis
Beskriven av
Hume, 1869

Som vaksen er fuglen ca. 1,1 meter lang, hannfuglar veg rundt elleve kilo og hofuglane rundt ni kilo.

Arten er knytt til temperert buskmark, temperert grasmark, og fjellsider og knausar. Himalayagribb lever av åtsel som han finn på bakken.

Hekking skjer éin gong i året, og i løpet av hekkeperioden legg hofuglen eitt egg som blir ruga ut i løpet av ca. 57 dagar. Ungane forlèt reiret om lag fem månader etter klekking.

Les meir i Store norske leksikon

Faktaboks

himalayagribb
Gyps himalayensis
Artsdatabanken-ID
175197

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg