Herding er innan plast-, lakk- og limteknologi dei kjemiske prosessane som har til føremål å gjera eit produkt hardt og sterkt.

Herding av monomerar

Flytande monomerar kan herdast gjennom polymerisasjon. Dette kan skje på ulike måtar, til dømes ved å tilsetja ein initiator eller ved fotopolymerisasjon.

Tilsetjing av initiator

Polymerisasjonen kan skje ved å tilsetja initiatorstoff, til dømes eit peroksid (sjå polymerisasjon).

Bestråling

Polymerisasjonen kan skje ved bestråling med ultrafiolett eller synleg lys, eller med ioniserande stråling. Den førstnemnde prosessen blir ofte kalla fotopolymerisasjon eller lysherding. Eit døme er lysherding av tannfyllingar laga av plastkompositt. Her blir komposittmassen bestrålt etter at han har blitt forma, og ein får ei rask herding ved at fleirfunksjonelle monomerar polymeriserer til eit molekylært nettverk som er hardt, uløyseleg og ikkje lenger kan formast eller smeltast. Ved lysherding blir det ofte tilsett såkalla fotoinitiatorar.

Herding av polymerar

Ein kan også herda polymerar. Den vanlegaste mekanismen ved herding av såkalla herdeplast er at polymermolekyl blir knytt saman til tredimensjonale nettverk. Dette skjer ved å blanda inn fornettingsmiddel (herdarar) som dannar bruer (tverrbindingar) mellom dei enkelte polymermolekyla.

Døme: Herdeplast som epoksy- og polyuretanharpiksar blir herda med høvesvis amin og isocyanat, som blir bygd inn som bruer mellom harpiksmolekyla.

Umetta polyesterharpiks herdar ved ein kombinert prosess (kopolymerisasjon), der ein monomer, oftast styren, polymeriserer og samstundes dannar bruer av polystyrenkjeder mellom dei umetta polyesterkjedene. Polyesteren blir forvandla i denne prosessen frå ein sirupsliknande masse til ein hard plast slik vi kjenner han i til dømes glasfiberarmert polyester.

Stoff som blir tilsette for å katalysera reaksjonen til herdarane, blir kalla akseleratorar.

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg