Helg er perioden frå arbeidsslutt på fredag til måndag morgon.

Faktaboks

Uttale

helg

Etymologi

av norrønt helgr ‘hellig’

Helg er eigentleg tidsrommet for ei kyrkjehøgtid, anten lengre (eventuelt med arbeidsdagar imellom), for eksempel julehelg, eller kortare, særleg søndag.

Det motsette av helg er søkn, som betyr kvardag. Uttrykket «både helg og søkn» betyr altså heile veka.

Ei langhelg er ei helg med ein eller fleire fridagar føre og/eller etter, slik at friperioden blir lang.

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg