Hatteklede er ein duk pynta med broderi eller blonder.

Faktaboks

Også kjend som
kasteklede, kasteplagg

Hattekledet er eit rektangulært stykke kvitt linlerret med kvitsaumsborder langs framkanten og kortsidene. Nokre har også pynt langs alle fire sidene. Det vart lagt over hovudbunaden.

Brura, og nokre gonger brurekonene, brukte det på vegen til og frå kyrkja. Brura bar hatteklede over krona eller hovudplagget i kyrkja, men etter vigselseremonien vart hattekledet teke av.

Les meir i Store norske leksikon

Litteratur

  • Bjørn Sverre Hol Haugen (red.): Norsk bunadleksikon, 2006
  • Aagot Noss: Frå tradisjonell klesskikk til bunad i Vest-Telemark, 2003; Lad og krone, 1991; Klesskikk i Tinn, 1999; Nærbilete av en draktskikk, 1992
  • Kjelde: Gunvor Rognså

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg