Bjørk sprer pollen gjennom lufta. Mange er allergiske for pollen fra raklene.

Lisens: CC BY 2.0

Høysnue er ei form for allergisk rhinitt, det vil seie ein allergisk reaksjon i naseslimhinnene med kløe, nysing og klårt nasesekret (snørr). Ofte vil det også vere symptom frå augene, med rødheit, kløe og oppsvelling av slimhinnene (øyekatarr). Når det er symptom både frå nase og auger, talar vi om allergisk rhinokonjunktivitt.

Faktaboks

Også kjend som
rhinitis allergica

I snever, opprinnelig forstand var høysnue nemninga for snue på grunn av allergi mot pollen fra høy og gras. Høysnue blir likevel noko upresist ofte brukt også om snue på grunn av pollenallergi eller annan snue på grunn av ein allergisk type I reaksjon.

Årsak

Årsaka til høysnue i vid betydning er allergi mot pollen frå bjørk, or og hassel i vårmånadane, pollen frå gras i sommarmånadane og pollen frå burot eller sporar frå muggsopp på seinsommaren og hausten. Symptoma på grunn av hassel kan somme år starte så tidleg som i januar–februar (sjå pollenvarsel). Folk som arbeider med tørka høy som dyrefor eller strø, kan oppleve høysnue når som helst dei er i kontakt med høyet eller med på støv frå løer og høylåvar. Ein kan også reagere på pollen eller støv frå planter i innemiljø, for eksempel bjørkefiken (Ficus benjamina).

Brukt i ordets vidaste betydning, allergisk snue, vil høysnue også kunne komme ved kontakt med allergen frå selskapsdyr som katt, hund, kanin og andre, hest, og husstøvmidd.

Symptom og teikn

Pollenallergiane er sesongavhengige, medan allergisymptom på grunn av selskapsdyr, mugg og midd vil gi symptom heile året. Graspollen blir ikkje spreidd langt med vinden, slik at symptoma på grunn av graspollen vil komme mest ved arbeid eller leik på plener og grasmark, eller ved kontakt med tørka høy eller støv i løer og høylåvar. Symptoma er tett nase, rennande nase med klår væske, og kløe og nysing som ofte kjem i seriar. Mange pasientar med høysnue vil også vere plaga av rennande, kløande auger, ofte med rødheit, seigt eller geleaktig slim på augeeplet, og hovne augelokk. Enkelte vil i tillegg ha symptom frå dei nedre luftvegane i form av tørr hoste og astma. Det følgjer ofte med trøyttheit, irritabilitet, dårlegare hukommelse og uoppmerksomheit. På grunn av desse allmennsymptoma har personar med høysnue krav på forlenga tid ved eksamenar, basert på legeattest.

En stor del av dei som har høysnue vil også oppleve symptom i form av kløe og opphovning i munnen og halsen når dei et mat frå visse planter, som hasselnøtter, gulrøtter eller eple. Dette vert kalla oralt allergisyndrom og kjem av allergisk kryssreaksjon på grunn av likheit i proteinstrukturen i pollenet og i plantematen. Til vanleg er reaksjonane milde og ufarlege, men nokre gonger kan ein alvorleg allergisk reaksjon (anafylaktisk reaksjon) utvikle seg.

Behandling

Høysnue vert behandla med skylling med saltvatn, og med antihistaminar, nasespray som kan innehalde kortisonliknande stoff og augedråpar. Dersom medikamentell behandling ikkje er tilstrekkeleg, kan det vere aktuelt med hyposensibilisering (allergivaksinasjon).

Er det symptom ved inntak av mat, bør ein helst unngå den aktuelle maten. Er symptoma svært lette, kan ein i samråd med legen spise så mye som ein erfaringsmessig tåler, men må vere forsiktig fordi reaksjonen uventa kan bli sterkare enn vanleg. Alkohol, fysisk anstrenging, stress, infeksjonar og somme medisinar kan gjere at reaksjonen på plantematen blir mykje sterkare enn elles.

Førebygging

Førebygging byggjer på to prinsipp: å redusere tilbøyelegheita til å utvikle allergiske symptom, og å unngå at det ein reagerer mot (pollen, soppsporar, dyrehår eller midd) kjem i kontakt med slimhinnene.

Tilbøyelegheita til å utvikle allergiske symptom kan ofte bli sterkt redusert ved hyposensibilisering (også kalla allergivaksinasjon), der ein enten får injeksjonar i huda med små doser allergen gjentatte gonger i lang tid (tre til fem år), eller får behandling med dråpar eller allergentablettar i munnen (førebels mogleg berre med få allergen, mellom desse graspollen). Behandlinga gjennom munnen verkar raskare enn behandling med hudinjeksjon, men må også vare minst to og helst tre år for å ha meir langvarig effekt. Å unngå irritantar som dieseleksos, støv, parfymer og sterke lukter vil også gjere at høysnuen ikke så lett blir utløyst. Irritantar vil også forverre allergiske reaksjonar som allereie har starta.

Å unngå eller redusere kontakten med det ein reagerer mot, gjer ein ved å fjerne kjeldene for allergenet i innemiljøet. Vindua i hus og bilar bør vere lukka når det er mykje pollen i lufta, og bilane bør ha pollenfilter som fungerer godt og vert skifta med regelmessige mellomrom. Ein bør følgje med på pollenvarsel. I utemiljø reduserer ein mengda pollenkorn og soppsporar som når inn til nasen og augene ved å bruke briller og eventuelt munnbind. Ein bør unngå trening og anna fysisk anstrenging ute når det er mykje pollen i lufta, fordi anstrenginga vil utløyse eller forverre symptoma og auke risikoen for utvikling av astma.

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg