Mannen

«Mannen» i Romsdalen har sige 20 meter ned frå platået. Ei heil rekkje med instrument syner at fjellpartiet sig to centimeter per år. Dersom fjellpartiet rasar kan skredet gå tvers over elva Rauma.

Mannen
Av .

Fjellskredovervaking er å overvaka og varsla når eit ustabilt fjellparti kan rasa ut. Målet er at ingen skal omkomma i fjellskred i Noreg.

Faktaboks

Også kjend som

fjellskredovervåkning

Det er mange fjellparti i Noreg som er i bevegelse, og ti av desse blir overvaka kontinuerleg. Kollaps av ei fjellside har ført til mange omkomne og omfattande skadar opp gjennom historia, til dømes Loenulukkene og i Tafjord. Overvaking av rørslene i fjellet kombinert med varsling kan redda mange liv.

Fjellskred har lange rekkevidder og kan kryssa dalar og demma opp elvar, der demninga seinare kan bresta og føra til ein katastrofal flaum. Fell eit fjellskred i fjorden eller i ein innsjø, kan det setja i gong store flodbølgjer (tsunamiar). Det er desse såkalla sekundærverknadane (flaum, flodbølgje) som kan ta flest liv.

Prinsippa for overvaking

Før eit fjellskred losnar, så har ein erfart at fjellpartiet, gjerne over mange år, har sige sakte nedover. I tida før skredet går, er det rapportert om auka bevegelse og at det i området losnar ut enkelte steinar og blokker (steinsprang). Desse teikna er grunnen til at det går an å overvaka slike fjellsider og prøva å føresjå når ei fjellside losnar. Ei god varsling forutset at målingane i fjellet vert overført i sanntid og tolka rett.

Det er Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE) som har ansvaret for overvakinga og varslinga av dei ustabile fjellpartia i Noreg.

Målemetodar

Instrumentering direkte i fjellet

Strekkstag
Strekkstag montert på Veslemannen, bolta fast på kvar side av ein sprekk.
Strekkstag
Av .
Data frå prisme, Åknes
Frå januar 2017 syner data frå eitt av prisma på Åknes at fjellet har sige 40 cm vertikalt (brun kurve), 20 cm mot nord (grøn) og litt meir enn 10 cm mot aust (blå).
Data frå prisme, Åknes
Av .
Data frå strekkstag

Data frå eitt av strekkstaga på Åknes. Sidan 2009 har strekkstaget utvida seg litt over 20 cm.

Data frå strekkstag
Av .

Det er ulike instrument som er montert i dei ustabile fjellpartia. Her er dei viktigaste:

Strekkstag er eit stag som er bolta fast på kvar side av ein sprekk og måler korleis denne sprekken vert breiare (eller smalare). Dette instrumentet er svært robust og velegna på sprekkar med mindre opning enn om lag to meter. Instrumentet treng straum, og data må overførast via kabel og radio.

Differensiell GPS måler posisjonen (i 3D) til eit punkt i overflata med ein nøyaktigheit på nokre få millimeter. Instrumentet treng antenne, straum og overføring av data med kabel og radio.

Prisme er små speglar montert på overflata av fjellet. Ein laserstråle, sendt ut frå ein «totalstasjon», gjerne plassert utanfor det ustabile fjellpartiet, måler avstand og vinkel til prisma og bereknar endring i posisjonen (i 3D). Prisma treng ikkje straum eller kablar. Laserstrålen gir dårlege målingar i skodde og regn, eller med snø og is på prismeoverflata.

I borehola, somgår djupt ned i fjellpartia, er det senka ned ein lang streng med ein sensor for kvar meter. Sensoren måler avviket frå loddet (vertikalen), både hellinga og kva himmelretning hellinga fell mot (til dømes 10° helling mot nord). Mellom kvar sensor er det fleksible ledd i strengen. På strengen kan det også vera sensorar som måler vasstrykket, dersom strengen når ned i grunnvatnet. Slike borehol er viktige for å forstå korleis fjellet bevegar seg i djupet. Systemet er svært kostbart, og ofte er det vanskeleg å få utført slike boringar i det bratte terrenget. Etter kvart som fjellet sig og det vert mykje knekk(ar) på strengen, kan den kila seg fast og det kan bli krevjande å få strengen opp av boreholet.

Overvaking med radar

Radarmålingar på Tussafoten

Tussafoten er eit ustabilt fjellparti i Øvre Eidfjord. Her er bevegelsane synte frå satellittradaren, opptil 20 mm/år (prikkar med grøn farge syner ingen bevegelse).

Av .
Bakkebasert radar
Radaren er plassert på eit solid fundament i ei brakke nede i dalbotnen. Sendaren og mottakaren vert trekt att og fram på ei skinne. Signalet blir sendt og reflektert tilbake gjennom plastduken.
Bakkebasert radar
Av .

To typar overvaking med radar vert brukt; frå ein lokal radar i nærleiken til det ustabile fjellet og frå radar på satellittar. Målingane er basert på interferometri.

Den bakkebaserte radaren står på eit solid fundament i dalbotnen under det ustabile fjellet. Den sender ut elektromagnetiske bølgjer (bølgjelengda er på 17,6 millimeter) mot fjellsida og måler tidspunktet for det reflekterte signalet. Radaren kan måla store hastigheiter i fjellet, opptil fleire meter kvar dag, og vil gjerne vera det utstyret som fungerer under heile utviklinga av eit skred, også etter at dei andre instrumenta er øydelagde. Avstand frå radaren til fjellsida bør helst vera kortare enn fire kilometer. Snø på fjellet og vegetasjon kan forstyrra målingane.

InSAR Norge leverer data, fritt tilgjengeleg for alle, frå radar-satellittane Sentinel. Radaren måler avstanden frå satellitten ned til bakken med ei nøyaktigheit på nokre millimeter. Satellittane har polare baner, det vil seia at dei går frå Sydpolen til Nordpolen. Siktelinja frå satellitten ned mot bakken er om lag 30°– 40° grader frå vertikalen. Går satellitten nordover, ser radaren mot aust, og går den sørover, ser radaren mot vest. Det betyr at bevegelsar i fjellet som går mot sør eller nord ikkje vert registrerte av satellitten. Vertikale bevegelsar vert godt registrerte, likeins bevegelsar mot aust eller mot vest.

Satellittane passerer over Norge kvar tolvte dag. Med to satellittar blir det difor ei oppdatering kvar sjette dag. Radaren i satellittane måler avstanden mot hjørnereflektorar som er plasserte i dei ustabile fjellpartia. Satellittane måler også avstand til fjelloverflatene, men desse målingane mot terrenget vert prosesserte i ettertid og kan ikkje brukast direkte i overvakinga.

Risikoklassifisering

Risikomatrise for Mannen

Risikomatrise for ulike scenario for «Mannen» i Romsdalen. På x-aksen er konsekvensane målt i tap av menneskeliv, y-aksen på venstre side syner farepoenga som geologane klassifiserer kvart objekt med, med tilhøyrande sannsyn på høgre side. 7,2 farepoeng svarar til eit sannsyn på 1/1000.

Av .

Mange fjellparti er i bevegelse, men berre dei med høg risiko vert overvaka kontinuerleg. Fjellparti som er i bevegelse men som har lågare risiko, vert overvaka periodisk.

Risiko kan i denne samanhengen definerast som sannsyn for at eit fjellskred skal løysast ut gonger med konsekvensen. Konsekvensen av fjellskred vert målt i potensielle tap av menneskeliv utan at fjellpartiet vert overvaka og at eit varsel vert gitt.

For å bestemma sannsynet for at eit fjellskred skal løysast ut, gir geologane farepoeng for kvart ustabilt fjellparti. Rørslene i fjellet (hastigheit og eventuell akselerasjon) er viktigast, men farepoenga er òg basert på ei rekkje andre kriterium, for eksempel om fjellpartiet er avgrensa bak med ein velutvikla sprekk, om flankane/sidene til fjellpartiet er heilt avløyste, om glideplanet som fjellet glir på går ut i dagen eller om det er steinsprangaktivitet.

Konsekvensen i form av potensielle tap av menneskeliv vert gjort med simuleringar av rekkevidda til fjellskredet og eventuelle sekundæreffektar som at ei flodbølgje vert skapt eller ei elv vert demma opp. Ein må då sjå på kor mange som kan opphalda seg i områda som vert direkte råka av fjellskredet og som oppheld seg i område som kan rammast av flodbølgjer eller flaum.

Eksempel på berekning av risiko

Om det årlege sannsynet for skred A er 1/100 og forventa omkomne er 5, då vert risikoen for skred A: 1/100 x 5 = 0,05.

Om det årlege sannsynet for skred B er 1/1000 og forventa omkomne er 500, då vert risikoen for skred B: 1/1000 x 500 = 0,5.

Skred B har altså 10 gonger høgare risiko enn skred A.

Varsling av høgrisikoobjekt

Farenivå varsling

Dei ulike farenivåa vert bestemt etter kor stor bevegelsen er i fjellpartiet og om den bevegelsen aukar i hastigheit. Tid på x-aksen, hastigheit på y-aksen.

Av .

Det er geologar på vakt som heile tida føl med på instrumenta og som kvar dag gir ut eit farenivå for alle høgrisikoobjekta. Kvar veke vert det publisert ein rapport med status for fjellparti under kontinuerleg og periodisk overvaking.

Det er fire farenivå:

  1. grøn (lågt farenivå)
  2. gul (moderat farenivå)
  3. oransje (høgt farenivå)
  4. raud (ekstremt farenivå)

Ved oransje farenivå vert sårbare einingar og funksjonar flytta, for eksempel ein aldersheim. På raudt farenivå må alle innafor faresona evakuerast til eit trygt område. Skjer det ei endring i farenivået for eit fjellparti, vert det sendt beskjed til kommunar, politi, statsforvaltaren med fleire.

Kontinuerleg overvaka fjellparti

Kart ustabile fjell

Desse fjellpartia vert overvaka kontinuerleg. Skutshorn er planlagt instrumentert i 2023.

Kart ustabile fjell
Lisens: CC BY SA 3.0

Dei ti fjellpartia som per 2023 vert kontinuerleg overvaka er:

Les meir i Store norske leksikon

Eksterne lenkjer

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg