Hårlag er i folkedrakttradisjonen frå Hallingdal eit rektangulært, perleprydd, raudt stoffstykke. Framdelen er prydd med band.

Slikt hårlag vart brukt av ei brur, i eldre tid også av konfirmantar. Andre namn er korilsteinhårlag og perlehårlag.

Hårlag er tradisjonelt også ei nemning på alt som høyrer med til brurehovudplagget.

Ei brur med hårlag heiter hårlagbrur, og ein «går med hårlag».

Les meir i Store norske leksikon

Litteratur

  • Bjørn Sverre Hol Haugen (red.): Norsk bunadleksikon, 2006
  • Aagot Noss: Nærbilete av en draktskikk, 1992

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg