Erling Braut Haaland
Erling Braut Haaland for Noreg med hårband (2020).
Erling Braut Haaland
Av /VG/NTB.

Tinnbunaden er eit døme på bunad med tilhøyrande hårband.

.

Hårband er eit band til å binde om håret, anten for å halde det vekk frå andletet eller til pynt.

Faktaboks

Også kjend som
hårbånd

Hårband med sløyfer og pynt er vanleg pynt for småjenter og ein del foreldre bruker eit pynta hårband i staden for tradisjonell dåpshuve. Det er vanleg med hårband som tilbehør til bunad og folkedrakt.

Men mest vanleg er hårbandet i sportsleg samanheng. Fleire tennisspelarar speler med hårband, og fotballspelaren Erling Braut Haaland har spelt fleire kamper med hårband.

Hårband til bunad og folkedrakt

I folkedrakttradisjonen er hårband eit grindvove band med opplukka mønster. Bandet blir fletta inn i håret. Slike hårband vart tradisjonelt brukte av brurer, jenter og koner. Ein delte håret i to, vikla inn hårbandet og la håret i ein krans kring hovudet bak øyro. Andre namn er kambeband, klauveband og spåraband.

Seinare har det dukka opp ei ny type hårband til bunad. Fleire og fleire bruker hårband som tek opp broderia frå sjølve bunaden i staden for huva som følger med. Det er ikkje historisk belegg for slik bruk, men det har vorte eit populært alternativ for dei som vil ha noko på hovudet men som ikkje vil bruke det tradisjonelle hovudplagget.

Les meir i Store norske leksikon

Litteratur

  • Bjørn Sverre Hol Haugen (red.): Norsk bunadleksikon, 2006

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg