Rumex longifolius

Rumex longifolius, høymole. Foto frå: Hobro, Jylland, Danmark

Rumex longifolius

Rumex longifolius, høymole. Foto frå: Hobro, Jylland, Danmark

Rumex longifolius vegkant
Høymole i vegkant i utkanten av ei eng. Retlahti, Finland.
Rumex longifolius vegkant
Av .
Lisens: CC BY SA 3.0

Høymole er den vanlegaste av fleire grovvaksne artar i syreslekta i slireknefamilien. Høymole finst på tangvollar og som ugras i åkrar, beite og vegkantar over heile landet. Høymole blir også brukt som felles namn på fleire liknande artar i syreslekta, slik som byhøymole, krushøymole og vasshøymole.

Faktaboks

Etymologi
Det vitskaplege namnet kjem frå latin longus ‘lang’ og folium ‘blad’.
Også kjend som
høymol, vanleg høymol(e)
Vitskapeleg namn
Rumex longifolius
Beskriven av
Augustin Pyramus de Candolle
Raudlistestatus i Noreg
LC – Livskraftig

Eigenskapar

Høymole er ei fleirårig urt, med ei sterkt forgreina pælerot. Plantane har som regel ein ugreina, kraftig stengel som kan bli over ein meter høg. Blada er breitt lansettforma med bølgjete kant. Blada sit i rosett nedst og spreidd oppover på stengelen. Dei nedste stengelblada er ganske breie og har stilk, medan blada lenger opp er smalare og nærast utan stilk.

Blomestanden er ein lang, tett topp. Høymole er vindpollinert og blomane er difor sterkt reduserte. Det er tre ytre, smale blomeblad, og tre indre som er noko breiare. Ved fruktmodninga veks dei indre blomeblada ut til å danne eit stivt dekke rundt dei små nøttene. Eitt eller fleire av desse fruktdekkblada har ein utvekst ('korn') utvendig.

Utbreiing

Høymole er næringskrevjande. Planten blir rekna som opphavleg i Noreg. Tangvollar er truleg dei viktigaste naturlege veksestadene, men arten har lenge vore eit plagsamt ugras i åkrar, enger og beite. I tillegg finst arten på vegkantar og annan ruderatmark.

Høymole er vanleg over heile landet og er utbreidd i Europa og Asia.

Høymole som ugras

Høymole er eit vanskeleg ugras å bli kvitt. Éin plante kan produsere fleire tusen frø, og desse kan passere fordøyingskanalen hos husdyr utan å miste spireevna, eller dei kan liggje i jorda i mange år og framleis spire. I tillegg kan plantane spreie seg frå rot-fragment ved når ein tilarbeider jorda.

Tidlegare var det vanleg å få bukt med høymole ved å dra opp plantane, helst med så mykje av rota som mogleg, før dei blømte. Eit alternativ er djup pløying. Utan tiltak kan høymole fullstendig dominere i slåtteeng og bli svært utbreidd i beite også fordi beitedyr helst unngår arten.

Nyare praksisar i landbruket har redusert utbreiinga av arten som ugras, fordi eng blir tidlegare hausta på sesongen, før dei fleste frøa er modne, og ensilering av fôret dominerer over tørking.

Systematikk

Taksonomisk nivå Norsk namn Vitskapleg namn
Domene Eukaryotar Eukarya
Rike Planteriket Plantae
Rekkje Dekkfrøa plantar Angiospermae
Klasse Ekte tofrøblada plantar Eudicotidae
Klade Rosidene Rosidae
Orden Erteblomordenen Fabales
Familie Slireknefamilien Polygonaceae
Slekt Syreslekta Rumex
Art Høymole Rumex longifolius

Les meir i Store norske leksikon

Faktaboks

høymole
Rumex longifolius
Tidlegare vitskapleg namn
Rumex domesticus Hartm.
Artsdatabanken-ID
102972
GBIF-ID
2888946

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg