gylle

Artikkelstart

Gylle er husdyrgjødsel som vert tynna ut med vatn under omrøring til den er så tyntflytande at den kan pumpast. Gjødsla vil då innehalde ca 4-5% tørrstoff – resten er vatn og andre væsker. Gylle blir pumpa utover jordene gjennom gylleanlegg, slangespreder eller ved hjelp av tankvogn.

Faktaboks

Etymologi
av tysk

Gylle er gunstig på eng og beite der den vert raskt infiltrert og nitrogentapet blir redusert. Ein annen fordel er at gjødsla kan spreiast i regnver og at kjøreskader på åker og eng blir redusert. Gylle vert spreidd i små mengder om gongen. I Norge blei gyllemetoden først teken i bruk på Vestlandet. Det er ikkje lov å spreie gylle på frosen jord.

Les mer i Store norske leksikon

Kommentarer

Kommentaren din publiseres her. Fagansvarlig eller redaktør svarer når de kan.

Du må være logget inn for å kommentere.

eller registrer deg