gunterseil
gunterseil
gunterseil
Seil

Noen hovedtyper av seil.

Av /Store norske leksikon ※.

Gunterrigg er ein seglbåtrigg som har eit tilnærma trekanta sneisegl. Nedre og framre del av seglet er festa til masta, og den øvre delen er festa til eit rundholt (ei stang) som er bortimot vertikal, og strekkjer seg over mastetoppen når seglet er heist.

Gunterriggen fins i fleire variantar, både av faldetypen og glidetypen, og er rask å setja opp og ta ned. Nokre gunterriggar kan minna om ein gaffelrigg, og nærmast vera ein variant av denne. Den glidande gunterriggen har eit trekanta segl som i toppkant er festa til ei rå som glid vertikalt langs masta og forlengar denne. Gunterriggen på små båtar er enkel og effektiv, med ei kort mast med lite vindfang når seglet er teke ned.

Storm 19
Gunterrigga Storm 19
Storm 19
Lisens: CC BY SA 3.0

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg