Gultoppkakadu
Av /via Encyclopedia of Life.
Lisens: CC BY SA 2.0

Gultoppkakadu er ein stor papegøyefugl i kakadufamilien og har naturleg utbreiing i Oseania og Søraust-Asia.

Faktaboks

Vitskapeleg namn
Cacatua galerita
Beskriven av
(Latham, 1790)

Som vaksen er fuglen ca. 40 cm lang, hannfuglar veg rundt 570 gram og hofuglane rundt 370 gram.

Arten er knytt til jordbruksland, og tørr og fuktig tropisk skog. Gultoppkakadu er ein planteetar som lever av frukt og frø som han finn på bakken og i buskar.

Hekking skjer éin gong i året, og i løpet av hekkeperioden legg hofuglen som oftast to egg som blir ruga ut i løpet av ca. 27 dagar. Reira blir bygd i hôlrom. Ungane forlèt reiret om lag ti veker etter klekking og blir kjønnsmodne i løpet av fire til fem år.

Gultoppkakadu lever vanlegvis i rundt 57 år, men enkelte individ kan bli opptil 120 år gamle.

Les meir i Store norske leksikon

Faktaboks

gultoppkakadu
Cacatua galerita
Artsdatabanken-ID
178535

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg