Grunnform er i språkvitskapen ei form av eit ord som andre former er danna av eller stammar frå.

Omgrepet grunnform blir brukt på to ulike måtar. Det har ei tyding innanfor morfologi, og ei anna innanfor historisk språkvitskap:

  • Morfologi: Grunnforma er den forma i eit bøyingsmønster som dei andre bøyingsformene er danna av.
  • Historisk språkvitskap: Grunnforma er den forma i eit grunnspråk som ein finn att i ulike seinare variantar i språk som stammar frå dette grunnspråket.

Dette er utdjupa i avsnitta nedanfor.

Morfologi

I antikk gresk og latinsk grammatikk tenkte ein seg at det fanst ei grunnform i eit paradigme (bøyingsmønster). Alle dei andre formene i paradigmet blei så danna frå grunnforma. I norske substantivparadigme er det vanleg å tenkje seg at grunnforma er ubunden / ubestemt eintal:

HEST (m) SKÅL (f) HUS (n)
GRUNNFORM eintal, ubunden hest skål hus
eintal, bunden hesten skåla huset
fleirtal, ubunden hestar skåler hus
fleirtal, bunden hestane skålene husa

Ideen ned ei grunnform i eit paradigme finn ein hos den romerske grammatikaren Priscianus (ca. 500 evt.), som formulerte reglar som han kalla bokstavendringar i den latinske grammatikken Institutiones grammaticae. Her er nokre døme på mogelege bokstavendringar som kan brukast til å danne dei formene som ikkje er grunnformer i paradigma over:

  1. Legg -en til grunnforma av eit hankjønnsord for å danne forma som er eintal, bunden.
  2. Legg -a til grunnforma av eit hokjønnsord for å danne forma som er eintal, bunden.
  3. Legg -et til grunnforma av eit inkjekjønnsord for å danna forma som er eintal, bunden.
  4. Legg -ar til grunnforma av eit hankjønnsord for å danne forma som er fleirtal, ubunden.

Historisk språkvitskap

I historisk språkvitskap brukar ein grunnform om ei form (i grunnspråket) som ein går ut ifrå at forskjellige former i beslekta språk har utvikla seg frå. Grunnforma er som regel ei rekonstruert form som ikkje er kjent frå eldre skriftlege kjelder. Rekonstruerte former blir ofte kalt stjerneformer, fordi dei blir skrivne med ei stjerne (asterisk) * føre. Her er eit døme:

Urgermansk *wurdan 'ord' er den rekonstruerte grunnforma som desse formene i ulike germanske språk har utvikla seg frå:

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg