Gropkeramikk er buplassfunn som er kjende frå ei rekkje lokale kulturar frå den yngre steinalderen, spreidd over Danmark, Sør-Sverige og Sør-Noreg. Namnet kjem av dekoren, som er gropforma, truleg for å hindre at keramikken skulle sprekkje under brenning.

Keramikken har gitt namn til kulturgrupper som er kjenneteikna ved at dei sameinte jordbruk og fangst, slik at dei erstatta dei tidlegare traktbegerkulturane. Gropkeramiske kulturgrupper utvikla nye verktøy, og særleg viktige var dei kraftigare bogane og dei meir sjødyktige båtane.

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg