Det greske alfabetet
Det greske alfabetet
Lisens: CC BY SA 3.0

Det greske alfabetet blir i dag brukt til å skrive språket gresk. Ordet alfabet kjem frå dei to første bokstavane i det greske alfabetet, alfa og beta. Det greske alfabetet blir rekna som forløparen til dei latinske og kyrilliske alfabeta.

Dei greske bokstavane blir ofte brukte som symbol og nemningar innanfor matematikk og andre vitskaps- og teknologifag, sjå til dømes pi (π).

Det greske alfabetet består av sytten konsonantteikn og sju vokalteikn. Det er utvikla frå ei nordvestsemittisk (fønikisk) alfabetskrift i perioden rundt 1000–750 fvt. Teikn for konsonantar som ikkje fanst i gresk, blei tekne i bruk som vokalteikn.

Det greske alfabetet

Den følgjande oversikta viser transkripsjonen av greske bokstavar som i hovudsak blir nytta.

Nr Store (majusklar) Små (minusklar) Namn Transkripsjon
1 Α α alfa a
2 Β β beta b
3 Γ γ gamma g
4 Δ δ delta d
5 Ε ε epsilon e
6 Ζ ζ zeta z
7 Η η eta ē eller e
8 Θ θ (ϑ) theta th
9 Ι ι jota
10 Κ κ kappa k
11 Λ λ lambda l
12 Μ μ my m
13 Ν ν ny n
14 Ξ ξ ksi ks eller x
15 Ο ο omikron o
16 Π π pi p
17 Ρ ρ rho r
18 Σ σ/ς² sigma s
19 Τ τ tau t
20 Υ υ ypsilon y
21 Φ φ fi f
22 Χ χ khi kh
23 Ψ ψ psi ps
24 Ω ω omega ō eller o
' aspirasjonsteikn h
  • 1 j i framlyd framfor vokal
  • 2 ς berre i slutten av ord

Transkripsjon av gresk

Nygresk ligg føre i tre variantar:

  1. lokale dialektar, som fell i to hovudgrupper: nordgresk og sørgresk
  2. katharévousa, det arkaiserande, «reine» skriftspråket, som knyter seg til den strenge tradisjonen frå bysantinsk tid og koine-perioden. Det blei administrasjons- og skulespråk i det nyoppretta greske kongedømmet (1830). Katharévousa har framleis ei sterk stilling innan kyrkja.
  3. dimotikí, «folkespråket», har mange lånord (særleg frå tyrkisk og venetiansk, i mindre grad frå albansk og slavisk). Det er standard talemål (bymål), og det blir i dag brukt i all nygresk skjønnlitteratur.

Desse forholda skaper visse problem ved transkripsjon av gammalgreske ord og særleg namn. Ein sterkt kompliserande faktor er dessutan dei divergerande og ofte inkonsekvente uttaletradisjonane som har etablert seg innanfor dei enkelte nasjonalspråka på dette feltet. Desse kjem dels av at det i lita grad blir teke omsyn til lydsystemet i det vedkomande språket, dels fordi gresk i mellomalderen så å seie var ukjend i Vest-Europa, og greske namn blei overleverte og utbreidde i latinsk form og betoning (til dømes latinsk 'Socrates for gresk Sok'rates, latinsk 'Pericles for gresk Perik'les, latinsk An'dromeda for gresk Andro'meda). Det er derfor ikkje praktisk mogleg å få fullstendig konsekvens i transkripsjon frå gresk.

Systemet for gammalgresk i leksikonet er i alt vesentleg ein translitterasjon (bokstav for bokstav) og speglar dermed langt på veg attisk uttale på 400-talet fvt. (likevel utan opplysningar om vokallengde), men f, som er hellenistisk-nygresk uttale for attisk aspirert plosiv ph (IPA-lydskrift: [pʰ]) og altså ei inkonsekvent attgjeving på norsk i forhold til transkribert th og kh (samanlikn til dømes engelsk Sophocles, tysk Sophokles), er fast etablert i vesteuropeisk uttaletradisjon.

Når det gjeld markering av trykkstaving, rår eit prinsipp om at kjende gammalgreske namn følgjer den etablerte betoninga, det vil seie som oftast den latinske. Dette gjeld alltid når det greske namnet har endebetoning, som fell unaturleg i norsk (til dømes 'Sofokles, Akh'illevs, ikkje Sofok'les, Akhil'levs). I mindre kjende namn held ein fast ved den mest mogleg den greske betoninga, bortsett frå på endestavingar (altså gresk 'Evdoksos, ikkje som latinsk Eu'doxus, men derimot som latinsk 'Telamon, ikkje gresk Tela'monnar). Merk at endebetoninga berre finst ved bortfall av opphavleg endestaving i enkelte kjende namn etter fransk-tysk-norsk uttaletradisjon: Athen for Athenai, Homer for Homeros (latinsk Homerus), Herodot for Herodotos.

Greske bokstavar i matematikk, naturvitskap og teknologi

Dei greske bokstavane blir ofte brukte som symbol innanfor matematikk, naturvitskap, teknologi og så vidare. Nokre døme på vanlege bruksområde er:

I desse fagområda blir det i nokre tilfelle brukt spesifikke utformingar av bokstavane. Eit døme er θ og ϑ. I vanleg gresk skrift er desse teikna alternative utformingar (glyfar) av den same bokstaven, minuskel theta, der den siste er ei kursivform, mens i matematisk, naturvitskapleg og teknologisk samanheng kan dei brukast som to ulike symbol. Andre bokstavar med ulike utformingar er minuskel fi, som har ein «open» (φ) og ein «lukka» (ϕ) variant, og dessutan andre som er mindre vanlege (ε og ϵ, ρ og ϱ, π og ϖ, og så vidare).

Les meir i Store norske leksikon

Eksterne lenker

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg