Gråstakk er ein understakk laga av heimevove ullstoff. Det kan vere ein skjelestakk sydd av rette stoffstykker eller ein sneidd stakk sydd av stoffstykker som er skrådd slik at vidda er større nederst på stakken. Sneidd gråstakk var særleg vanleg i Tinn i Telemark.

Les meir i Store norske leksikon

Litteratur

  • Bjørn Sverre Hol Haugen (red.): Norsk bunadleksikon, 2006
  • Aagot Noss: Frå tradisjonell klesskikk til bunad i Vest-Telemark, 2003; Lad og krone, 1991; Klesskikk i Tinn, 1999; Nærbilete av en draktskikk, 1992

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg