Gjeldsbrevlova er ei norsk lov som regulerer rettsforholda til gjeldsbrev.

Faktaboks

Fullt namn
Lov om gjeldsbrev
Kortnamn
gjeldsbrevlova
Forkorting
gbl
Også kjend som

gjeldsbrevloven

Tredd i kraft
01.01.1940
Lovdata-ID
NL/lov/1939-02-17-1

I dag har berre det tre første kapitla, som inneheld dei generelle reglane og reglene om omsetningsgjeldsbrev og enkle gjeldsbrev, særleg praktisk betydning.

Loven er eit resultat av eit fellesnordisk lovsamarbeid.

Innhaldet i lova

Oppbygging

Lova er delt inn i seks kapittel, og berre det tre første har særleg praktisk betydning i dag:

  • Kapittel 1 inneheld generelle reglar, som gjeld både for omsetningsgjeldsbrev og enkle gjeldsbrev
  • Kapittel 2 regulerer omsetningsgjeldsbrev
  • Kapittel 3 regulerer enkle gjeldsbrev

Dei generelle reglane i lova

Reglane i kapittel 1 i lova gjeld både for omsetningsgjeldsbreva og dei enkle gjeldsbreva.

Den som utskriv eit gjeldsbrev, mistar ikkje med det innvendingane sine frå det rettsforholdet som er grunnlag for gjeldsbrevet viss ikkje noko anna er avtalt. Er eit gjeldsbrev utskrive av fleire, er dei solidarisk ansvarlege dersom det ikkje ligg føre annan avtale.

Når det ikkje er sagt noko anna, skal eit gjeldsbrev betalast der fordringshavaren bur, eller på forretningsstaden viss han driv forretning. Ihendehavargjeldsbrev skal likevel betalast i skyldnarens forretningslokale. Er det ikkje bestemt noko om betalingstida, har skyldnaren rett til å betale så snart han vil, men han er forplikta til å betale straks fordringshavaren krever det. Betaler ikkje skyldnaren i tide, skal han betale forseinkingsesrente frå den dagen gjelda skulle ha vore betalt. Fordringshavaren beheld òg retten sin til erstatning viss han har lidd tap som forseinkingsrenta ikkje dekkjer.

Dersom eit gjeldsbrev blir overdrege til eige eller pant og det ikkje ligg føre ei gåve, er overdragaren ansvarleg for at fordringa består viss mottakaren ikkje visste eller burde vite at fordringa ikkje eksisterte (veritasansvar). Består ikkje fordringen, må altså overdragaren erstatte det tapet mottakaren lid. Overdragaren av eit gjeldsbrev er derimot berre ansvarleg for at skyldneren er vederheftig (har betalingsevne og -vilje) når han har teke på seg det (bonitasansvar).

Omsetningsgjeldsbrev og enkle gjeldsbrev

Det er to hovudtypar gjeldsbrev, omsetningsgjeldsbrev og enkle gjeldsbrev.

Reglane om omsetningsgjeldsbrev står i gjeldsbrevlova kapittel 2, i tillegg til dei generelle reglane i kapittel 1. For at noko skal vere eit omsetningsgjeldsbrev, må det oppfylle dei alminnelege vilkåra for å vere eit gjeldsbrev (skriftleg, i det ytre sjølvstendig, gå ut på pengar, innehalde debitors skulderkjenning eller betalingsløfte), og det må vere eit ihendehavergjeldsbrev, ordregjeldsbrev, pantobligasjon eller namnegjeldsbrev, som alle er omsetningsgjeldsbrev.

Omsetningsgjeldsbreva er negotiable, som betyr at innvendingar ikkje kan gjerast gjeldande overfor ein godtruende tredjemann, viss ikkje innvendinga kjem fra av sjølve dokumentet.

Dei seinare åra har omsetningsgjeldsbrev mista mykje av den praktiske betydninga si.

Reglane om enkle gjeldsbrev står i gjeldsbrevlova kapittel 3, i tillegg til dei generelle reglane i kapittel 1. For at noko skal vere eit enkelt gjeldsbrev må det oppfylle dei alminnelege vilkåra for å vere eit gjeldsbrev (skriftleg, i det ytre sjølvstendig, gå ut på pengar, innehalde debitors skulderkjenning eller betalingsløfte), og det må innehalde kreditors namn.

Enkle gjeldsbrev er ikkje negotiable.

Eit hovudprinsipp ved overdraginga av enkle gjeldsbrev, er at ervervaren ikkje får betre rett enn overdragaren.

Historikk

Bakgrunn

Lova kom i si tid i stand etter eit fellesnordisk lovsamarbeid.

Gjeldsbrevlova si betydning i dag

Gjeldsbrevlova sine generelle reglar (kapittel 1) og reglar for enkle gjeldsbrev (kapittel 3) har i stor utstrekning vore nytta analogisk på pengekrav som ikkje er knytt til gjeldsbrev («munnlege fordringar»).

Etter at finansavtalelova blei vedteken, har likevel gjeldsbrevlova tapt ein del av betydninga si.

Les meir i Store norske leksikon

Eksterne lenker

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg