gavotte

Den bretonske folkedansen gavotte

Gavotte er navn både på ein fransk kjededans, og på hoffdanskoreografiar. Den tidlegaste forma for gavotte er ein kjededans hos Arbeau sist på 1500-tallet. Dei mest ulike formene har ikkje anna enn namnet til felles. Som folkedans er gavotten særleg kjend frå Bretagne.

Faktaboks

Uttale
gavˈåt
Etymologi

Det blir hevda at navnet peikar tilbake på innbyggjarane i Gap, Dauphiné, gavots.

Hoffdansformene frå barokken er utan nokon presis samlande profil. Etter at kjededansforma gjekk av bruk ved hoffet, var namnet gjerne brukt om koreografiar med liten stabilitet. Sidan motedansar med namnet gavotte hadde så liten formmessig stabillitet, var dei også dansa til musikk i ulike taktarter.

Les mer i Store norske leksikon

Eksterne lenker

Kommentarer

Kommentaren din publiseres her. Fagansvarlig eller redaktør svarer når de kan.

Du må være logget inn for å kommentere.

eller registrer deg