gas (tekstil)

Artikkelstart

Gas er eit tynt, gjennomsiktig stoff som i dag blir brukt mest til kompressar, bandasjar og liknande.

Faktaboks

Etymologi
frå fransk gaze, kanskje av arabisk gazz ‘silke’

I dag er gas oftast laga i lerretsbinding, men opprinneleg var det laga med ein spesiell type binding der renningstrådane ligg parvis og blir tvinna, slik at dei held fast innslagstrådane.

Gas blir også brukt om eit tekstil i toskaftsbinding, laga av svært tynt garn.

Les meir i Store norske leksikon

Litteratur

  • Bjørn Sverre Hol Haugen (red.): Norsk bunadleksikon, 2006
  • Sigurd Bretteville-Jensen: Studieplan i bunadkunnskap, 1979

Kommentarer

Kommentaren din publiseres her. Fagansvarlig eller redaktør svarer når de kan.

Du må være logget inn for å kommentere.

eller registrer deg