Fylling er det å fylle, det å ha ei mengd av noko inn i eit større eller mindre holrom (til det blir fullt).

Faktaboks

Etymologi

til fylle

Fylling er også massar av stein, jord eller anna fast materiale som er lagt på ein stad til å fylle, jamne ut eller forme eit terreng på andre måtar, i samband med anleggsverksemd.

Fylling er dessutan ein stad der søppel blir deponert, ei søppelfylling.

I tømrarfaget er fylling noko som fyller eit rammeverk i panel, dører og liknande.

I odontologien blir fylling lagt i ei utbora tann.

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg