I funksjonell fitness er øvingane fysisk krevjande.

.

Funksjonell fitness og CrossFit er nemningar for liknande typar trening, der ein legg vekt på å byggje ein kropp som er i stand til å utføre kvardagslege aktivitetar i naturlege stillingar.

Faktaboks

Også kjend som

CrossFit

Treninga kan til dømes gå føre seg ved å løfte vekter, springe, gå på hendene eller hoppe tau. Det er intensive øvingar med element frå både vektløfting, sprint og turn i eit høgt tempo.

Funksjonell fitness er brukt som generell nemning på idretten, medan CrossFit er ein registrert merkevare, starta av amerikanaren Greg Glassman i 2000.

Aktivitet og trening

Mange av øvingane i funksjonell fitness dreier seg om å utføre verkelege aktivitetar.
.

Som idrett er funksjonell fitness ein intens og fartsfylt aktivitet, der utøvarane blir testa i funksjonelle og fysiske ferdigheiter.

Treningane og konkurransane blir gjerne gjennomførte på tid, vekt eller repetisjonar. Vinnaren er den som kjem først i mål, løftar tyngst eller klarer å utføre flest repetisjonar.

Funksjonell fitness skil seg frå vanleg fitness (sjå kroppsbygging) ved at det funksjonelle er i sentrum. Det vil seie at utøvaren fokuserer på å utføre eit arbeid, ikkje på korleis det blir utført. Det blir difor ikkje gitt stilpoeng eller vurdering av utsjånad.

Hovudgreina i funksjonell fitness er medley, der utøvarane blir testa i seks ulike øvingar; strength, power, skill, endurance, mixed og bodyweight. Det blir brukt element frå vektløfting, styrkeløft, kettlebell, turn, friidrett, strongman, triatlon og kroppsvektstrening.

Historisk bakgrunn

Funksjonell fitness
Funksjonell fitness
Av .

Omgrepa funksjonell fitness og CrossFit oppsto på 1980-talet, og dreier seg langt på veg om den same treningsforma.

Norges Functional Fitnessforbund (NOR3F) vart offisielt stifta 18. oktober 2017. Forbundet har arrangert noregsmeisterskap sidan 2018, og i mai 2019 vart Norges Functional Fitnessforbund ein del av Norges Idrettsforbund.

Det blir og arrangert verdsmeisterskap og verdscup i funksjonell fitness. Desse blir arrangerte av det internasjonale forbundet, International Functional Fitness Federation (iF3).

Noregsmeistrar open klasse

År Kvinner Menn
2018 Synne Krokstad, Trondheim Nicolay Billaudel, Nydalen
2019 Matilde Garnes, Trondheim Morten Almaas, Trondheim
2021 Kristin Holte, Nydalen Morten Rasch Arnesen, Mjøsa

Les meir i Store norske leksikon

Eksterne lenker

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg