Fransese er en dans med 5 turar, der kvar tur har sin eigen musikk. Sjølv om han i utgangspunktet var dansa i firkant, vart det tidleg vanleg å ta bort to av sidene og berre dansa han med to rekker.
Fransese var ei av dei siste, vidt utbreidde formene som vaks fram frå den franske kontradansen, og som spreidde seg ut i Europa først på 1800-talet. Opphavleg var namnet quadrille.
Dansen var populær i danseskulane i Noreg frå 1830-talet, og han var vanleg brukt i byane og på storgardsball fram til noko ut på 1900-talet.
Kommentarar
Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.
Du må være logga inn for å kommentere.