Forvelling
Av .
Lisens: Gnu FDL

Forvelle er å la matvarer liggje nokre minutt i kokande vatn, som ein deretter heller av. Dette blir også kalla å blanchere.

Faktaboks

Uttale
forvˈelle

Visse grønsaker og soppar bør forvellast før djupfrysing eller matlaging for å inaktivere enzym og mikroorganismar eller for å fjerne bitter smak. Kål og lauk blir lettare å fordøye etter forvelling.

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg