Ein forretningsidé er ei kort skildring av kva ei bedrift skal tene pengar på — ein kombinasjon av faktorar som kan gi ei bedrift konkurransefordelar, formulert i tanke eller skrift for å gi retninga til bedrifta.

I litteraturen om forretningsstrategi omfattar forretningsideen vanlegvis følgjande faktorar:

  • ei undergruppe med spesifikke behov (ein marknadsnisje)
  • eit produkt eller ei teneste utforma for å møte desse behova
  • ein organisasjon for å framstille og levere produkta/tenesta

Ein god forretningsidé viser ein klar kurs for selskapet, skildrar kva behov som skal dekkast, og korleis ein vil gjøre dette.

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg