Gullfluge av slekta Lucilia
Gullfluge av slekta Lucilia, tilhøyrande familien spyfluger. Larvane kan nyttast i larveterapi, sjå gullfluger.
Gullfluge av slekta Lucilia
Bildet er hentet fra papirleksikonet Store norske leksikon, utgitt 2005-2007..
Fluger (foto, spyflue)

Spyfluge. Bildet er henta frå papirleksikonet Store norske leksikon, utgjeve i 2005–2007.

Av /NTB Scanpix ※.
Tabanidae

Tabanidae, klegg. Foto fra: Viken, Sverige

Drosophila melanogaster

Drosophila melanogaster, bananfluge. Foto frå Sully, Burgundy, Frankrike

Fluger er ei hovudgruppe innanfor orden tovinger, som i tillegg til flugene består av mygg i vid forstand. Det er kjend rundt 120 familiar av fluger, kor 82 er påvist i Noreg. Nokre kjende fluger er spyfluger, blomsterfluger, klegg og bananfluger.

Faktaboks

Også kjend som

fluer

Vitskapeleg namn
Cyclorrhapha

Fleire fluger er nyttige. Larvene til blomsterfluger et bladlus, og dei vaksne blomsterflugene kan pollinere blomar. Desse flugene kan og bli nytta for å bekjempe skadedyr. Bananfluga har blitt nytta som modellorganisme.

Flugene er ei mangfaldig gruppe med mange ulike levevis. Larvene av ulike artar lever som nedbrytarar av organisk materiale, vera planteetarar eller leve i sopp, eller vera rovdyr, åtseldyr, parasittar eller parasittoidar. Dei vaksne flugene har til felles at dei har svampeaktige munndelar som berre kan ta til seg flytande føde, om dei tek til seg føde i det heile teke. Somme kan bruka enzym i spyttet sitt til å løyse opp fast stoff til væske. Mange av artane lever av nektar og er viktige pollinatorar, særleg i fjellet og langt mot nord.

Blant andre klegg og lusfluger er blodsugarar som i tillegg til svampemunnen har stikkande munndelar som kan stikka hol på verten for å drikka blodet. På liknande vis er dansefluger og rovfluger rovlevande dyr som kan stikka hol på mindre insekt og drikka av innmaten.

Beskriving

Fluger er kjenneteikna av å berre ha eitt vingepar og antenner med normalt berre tre ledd, unntaksvis opptil åtte.

Larvestadiet skil seg frå mygglarver ved å ha hovudkapselen heilt eller delvis trekt inn i mellomkroppen, og ofte utan distinkt harde vev. Flugelarver har òg munndelar som er parallelle og som kan bevegast vertikalt, medan mygglarver har motståande kjever som bevegar seg horisontalt.

Flugene sin livssyklus består av fire distinkte stadier: Egg, normalt tre larvestadier og eitt puppestadium.

Delgrupper av fluger

Flugene har lenge vore gjenstand for mykje fylogenetisk forskning og slektskapsforholda mellom dei ulike gruppene er difor ganske godt kjend. Likevel er mange eldre klassifikasjonar framleis i bruk, og nokre namn har blitt brukt med ulike definisjonar.

Lågareståande fluger

Dei lågareståande flugene (Orthorrhapha) er ofte store både på larvestadiet og som vaksne. Dei fleste artane her lever som rovdyr på andre insekt. Dette gjeld blant anna snappefluger, rovfluger og våpenfluger. Dei lågareståande flugene omfattar imidlertid òg pollinatorar som humlefluger, og mikropredatorar som klegg. Larvene til dei lågareståande flugene har hard hovudkapsel og lever som rovdyr eller parasittoidar.

Dansefluger og styltefluger

Gruppa Empidoidea, som består av danseflugene og stylteflugene, blei tidlegare rekna blant dei lågareståande flugene, men det har vist seg at Empidoidea er nærare i slekt med dei høgareståande flugene. Dette kan ein blant anna sjå på at dei fleste både høgareståande fluger og Empidoidea har eit langt følehår, arista, på spissen eller på oversida av det tredje antennesegmentet, samt på fleire trekk i konstruksjonen av kjønnsorgana.

Vaksne Empidoidea er rovdyr på andre insekt, og mange av artane særleg av dansefluger pollinerer òg blomar. Som dei lågareståande flugene har Empidoidea-larvene hard hovudkapsel og lever som rovdyr.

Høgareståande fluger

Dei høgareståande flugene (Cyclorrhapha) er små til middels store og omfattar langt dei fleste flugeartane. Det er i denne gruppa ein finn flugeartane med størst økonomisk og medisinsk betydning: Husfluger og spyfluger overfører sjukdommar ved kontakt med menneskemat, andre har larver som gjer skade i jord- og hagebruk (gulrotfluger, kålfluger og fritfluger) eller som snyltar på husdyr (bremser).

Larva manglar hovudkapsel heilt og kan leva på mange ulike måtar: Dei er planteetarar, vedborarar, parasittar, parasittoidar, rovdyr eller nedbrytarar, for eksempel gjødseletarar.

Av nyttige fluger finst mellom anna blomsterfluger som har larver som lever av bladlus, og som er blant dei viktigaste gruppene av pollinatorar. Både blomsterfluger og dei parasittoidlevande snylteflugene blir brukt ein del i biologisk bekjemping av skadedyr. Bananfluger er forska svært mykje på som modellorganismar og har bidrege stort til forståinga vår av genetikk.

Opphav

Dei første flugene oppstod i krittida frå ein felles stamart med mygg-gruppa Bibionomorpha, som blant anna omfattar hårmygg, vindusmygg og soppmygg. Dei første forgreiningane i flugene sin evolusjon fell saman i tid med opphavet til blomsterplantane, og mange fluger er den dag i dag viktige pollinatorar.

Symbolikk

Fluger blir i fleire kulturar sette i samanheng med vonde maktar, sjukdom og forderving.

I eldre tid tok ein varslar for kornhausten av dei første flugene om våren. Viss dei opptredde i store mengder og var små, spådde det lite korn, men viss dei var store, vart det regna for eit varsel om godt kornår. Enno blir det teke som eit teikn på kommande regn og uvêr at flugene er iltre og stikk mykje.

Les meir i Store norske leksikon

Faktaboks

fluger
Cyclorrhapha
GBIF-ID
11112444

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg