Løyesaum frå Setesdal
Av .
Broderiprøve Setesdalsbroderi
Av .

Flekkesaum er ein type broderi med trekant- og rutemønster frå Setesdal. Namnet flekkesaum blir brukt i Valle medan teknikken kallast rutesaum i Bygland.

Fire sting gjev ein heil flekk, tre sting ein halv flekk. Frå gamalt av vart dette broderiet nytta på stakkelinninga, men etter kvart har den og blitt brukt på kuftene i staden for krullesaum.

Løyesaumen i Setesdal består av mange ulike typar sting, på biletet i svart-kvitt er fleire av dei. Ovenfra og nedover: fiskebein, kvit krok, uppreiste krulla, krullekrok med krok, gvilte saum, 5 snuo, lusenet med 3 hol, lusenet med 11 hol, endegatu, småsaum, flekkesaum, almindeleg hovukruno, kamb, 3 snuo, små hovekruno.

Les meir i Store norske leksikon

Litteratur

  • Bjørn Sverre Hol Haugen (red.): Norsk bunadleksikon, 2006
  • Sigurd Bretteville-Jensen: Studieplan i bunadkunnskap, 1979

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg