Flavour, eigenskap ved  kvarkane som byggjer opp baryon , til dømes protonet og nøytronet,  og meson. (Sjå elementærpartikkelfysikk.) Det engelske ordet flavour blir sjeldan omsett til norsk. Flavour kan lettast forståast som kvarktype, der dei seks kvarktypane u, d, s, c, b, t er bærarar av kvar sin flavour. Dei lettaste kvarktypane u og d som er bærarar av «isospinn opp» og «isospinn ned» (sjå isospinn) byggjer opp vanleg stabil materie, dvs. atomkjerner som inneheld proton og nøytron. Dei fire andre kvarktypane s, c, b, og t byggjer opp ustabil materie med typiske levetider 10–6–10–12 sek. for s, c og b. Toppkvarken, t, er så ustabil at han ikkje rekk å danne baryon eller meson før han går sund (desintegrerer).

I veik vekselverknad er kvarkane grupperte i dublettar, t.d. (u,d) eller (t,b). Vekselverknaden ved utbytte av eit W-boson skulle då ta ein b-kvark til ein t-kvark (eller omvendt). Men ein fysisk b-kvark kan ikkje desintegrere til ein fysisk t-kvark fordi t-kvarken er mykje tyngre enn b-kvarken, og b-kvarken ville ikkje ha nok energi til ein slik prosess. Ein kunne då tenkje at b-kvarken skulle vera stabil. Slik er det ikkje på grunn av såkalla kvark-miksing. I følgje  teorien for veik vekselverknad kan  b-kvarken desintegrere til ein lineær-kombinasjon av t-,c- og u-kvarkane. Dermed kan altså b-kvarken desintegrere til ein c- eller ein u-kvark (som er lettare enn b-kvarken) og vil difor vera ustabil. Tilsvarande kan t-kvarken desintegrere til ein lineærkombinasjon av b-,s- og d-kvarkane. Denne kvark-miksinga er forklåra av CKM-matrisa, kalla opp etter fysikarane Cabibbo, Kobayashi og  Maskawa. (Dei to siste fekk nobelprisen for arbeidet sitt i 2008).

Ein kan også snakke om flavour for lepton, t.d. elektron-flavour for elektronet og det tilsvarande nøytrinoet.

Foreslå endringer i tekst

Foreslå bilder til artikkelen

Kommentarer

Har du spørsmål til artikkelen? Skriv her, så får du svar fra fagansvarlig eller redaktør.

Du må være logget inn for å kommentere.