Fjerdingsveg er eit gamalt lengdemål. I Noreg har verdien av eininga fjerdingsveg endra seg noko med tida, men var etter 1824 rekna til 2823,8 meter.

Faktaboks

Også kjend som

bokmål fjerdingsvei

Fjerdingsveg blei også kalla fjerdingsmil. Fjerding tyder fjerdedel, og difor blei verdien av fjerdingsmil(-veg) sett til ¼ gamal norsk landmil som var 18 000 alen. 1 fjerdingsveg vart då 4500 alen (9000 fot). Etter innføring av metersystemet blei ein fjerdingsveg rekna til å vere 2 500 meter og blei etter kvart kalla ein kvartmil.

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg