Fiskeindustri
Fiskeallergi kan skuldast hudkontakt med fisk, til dømes i fiskeindustrien. Det kan også skuldast inntak av fisk som mat eller ved innpusting av partiklar frå fisk.
Fiskeindustri
Av /Shutterstock.

Fiskeallergi er allergisk reaksjon mot fisk fordi immunsystemet reagerer feil. Det er ein av dei åtte vanlegaste matallergiane. Fiskeallergi er eit problem både i den vanlege befolkninga og som yrkessjukdom i fiskeindustrien.

Reaksjonen mot fisk kan vere ein matallergisk reaksjon etter inntak av mat som inneheld fisk, eller ein hudreaksjon som elveblest etter kontakt med fisk. Det kan òg vere ein reaksjon i luftvegane med astma eller høysnuesymptom etter at ein har pusta inn luft med støv eller damp som inneheld stoff frå fisk. Måten ein har hatt kontakt med fisk på under utviklinga av fiskeallergien, avgjer i stor grad om ein får matallergi, hudallergi eller luftvegsallergi.

Allergireaksjonen kan variere frå lette plager til alvorleg allergisjokk. Symptoma kan overlappe enten allergen frå fisk kjem inn med maten eller i lufta.

Mengda fisk som skal til for å løyse ut ein reaksjon, kan vere ørliten. Det kan vere nok å ete mat laga i ei steikepanne som er dårleg reingjort etter å ha vore brukt til fisk, eller å puste inn lufta på eit fisketorg.

Symptom

Symptoma vil oftast vere ulike avhengig av om kontakten med fisk har skjedd ved inntak av mat, ved hudkontakt eller gjennom lufta. Ved svært sterke reaksjonar blir symptoma meir like uansett kontaktmåte.

Ved inntak av mat som inneheld fisk, vil ein oppleve dei vanlege matallergisymptoma, som magesmerter, laus avføring, oppkast, raud hud og kløe, opphovning i halsen, hesheit, pustevanskar og astmasymptom, og i verste fall allergisk sjokk.

Ved hudkontakt vil ein få lokal rødme, hevelse og kløe, det vi kallar elveblest eller urtikaria.

Når ein fiskeallergikar pustar inn luft med stoff frå fisk enten i støv eller i ørsmå vassdropar, vil ein kunne få astmasymtom med tung pust, hoste og piping, eller høysnuesymptom med nysing, rennande nase og kløe i nasen og augo.

Mekanisme

Mekanismen ved fiskeallergi er den same som ved annan IgE-avhengig allergi. Ved fiskeallergi er IgE-molekyl retta mot visse fiskeprotein bundne til overflata på mastceller. Ved kontakt mellom IgE og fiskeproteina blir mastcellene aktivert og set fri signalstoffet histamin og andre molekyl som lagar ein allergisk reaksjon. Dette er ein overfølsomheitsreaksjon som blir kalla type I-reaksjon.

Diagnosen

Det viktigaste for å finne diagnosen å få ei god sjukehistorie med observasjon av kva mat ein har reagert mot, og når dette har skjedd.

Allergitestar

Til støtte for å finne diagnosen nyttar ein ofte allergitestar, enten hudtest (prikktest) eller blodprøve med måling av antistoffet IgE mot fisk i serum, det ein kallar spesifikt IgE. Det er viktig at det svært ofte vil vere utslag på testane uten at den undersøkte personen har allergi.

Testing med mat

Ved allergi som ikkje er for sterk, kan ein prøve å tak vekk den mistenkte maten frå kosthaldet nokre veker, og så ta den i bruk på nytt. Ein kan då sjå om ein vert betre utan den mistenkte maten, og verre igjen når ein et den mistenkte maten på nytt.

Gullstandarden i matallergidiagnostikken er såkalla dobbeltblinda placebo-kontrollert matprovokasjon (DBPCFC). Pasienten får då under medisinsk overvaking heilt lik mat med og utan den mistenkte matvara, for å sjå om det kjem reaksjon, og eventuelt kor stor dose som må til. Korkje pasienten eller den som gir maten veit kva for serveringar som inneheld allergen, det er skjult med koding. Dette er ein svært ressurskrevande metode, som berre vert nytta når det er spesielt viktig å finne ut om pasienten tåler ei bestemt matvare.

Førekomst

Fiskeallergi er ei av dei vanlegaste årsakene til alvorlege allergiske reaksjonar, som kan vere livstruande. Fiskeallergi av alle gradar av alvor er rekna å vere mellom dei åtte vanlegaste matallergiane.

Matallergi mot fisk diagnostisert av lege er rapportert å vere i størrelsesorden 1 av 100 spurte eller lavare i ulike undersøkingar i europeiske land. Usikkerheita og variasjonen mellom ulike undersøkingar er stor. Sjølvopplevd fiskeallergi er mykje vanlegare enn det legar diagnostiserer, og tal rundt åtte prosent er rapportert frå Finland og Spania, men berre rundt 1,5 prosent i Noreg, Sverige og Island. Desse tala står i kontrast til å ha positiv allergitest for fisk, som både i Noreg og Sverige er blitt funne hos 0,3 prosent av dei undersøkte.

Hudallergi mot fisk er mest vanleg blant folk som arbeider med matlaging, og i fiskeindustrien.

Luftvegsallergi mot fisk er mest vanleg i fiskeindustrien, men også personar med sterk matallergi mot fisk kan reagere på fisk i støv og damp i lufta.

Årsak

Fiskeallergi utviklar seg ofte i det første leveåret, men gjerne litt seinare enn allergi mot mjølk og egg. Fiskeallergi kan likevel oppstå i alle aldrar. I motsetnad til allergi mot egg og mjølk som barna til vanleg veks av seg, varer fiskeallergi ofte heile livet. Enkelte pasientar blir likevel kvitt fiskeallergien. Derfor bør også fiskeallergikarar med nokre års mellomrom bli vurdert av legen for å undersøke om dei framleis har fiskeallergi, eller om dei kan sleppe dei forholdsreglane som fiskeallergi fører med seg.

Om lag halvparten av alle med fiskeallergi reagerer mot alle fiskeslag, medan resten kan tåle visse sortar fisk. Torsk er det fiskeslaget det oftast er allergi mot.

Fisk er eit av dei 14 stoffa som EU på grunn av faren for allergi eller overfølsemd krev alltid skal vere deklarert på pakningen til matvarer, og som serveringsstader alltid skal ha tilgjengeleg informasjon om for maten dei serverer eller sel utan innpakning.

Ulike fiskeprotein

Allergireaksjonen er retta mot bestemte protein i fiskekjøttet og i skinnet, eller i fiskerogn. Det er fleire typer protein som allergien kan vere retta mot, det viktigaste i kjøt og skinn er beta-parvalbumin som 95 av 100 fiskeallergikarar reagerer mot, men også beta-enolase, aldolase A og tropomyosinkan vere allergen. Alle desse er protein som finst i alle fiskeslag, men som kan vere litt ulike i visse delar av molekylet (epitopar) i dei ulike fiskeslaga. Til dømes er tropomyosin til no funne å vere eit allergen berre i ein type fisk, tilapia. På grunn av variasjonen kan ein derfor vere allergisk mot enkelte fiskeslag, men ikkje mot andre. Det kan for eksempel hende at ein ikkje reagerer mot laks eller sild sjølv om ein er allergisk mot torsk, eller omvendt. Derfor er det viktig i samarbeid med legen å finne ut av kva for fiskar ein er allergisk mot, slik at ein kan fortsette å spise dei fiskeslaga som ein tåler. Sjukehistoria er avgjerande, ikkje allergitestane, også fordi ein i allergitestinga ofte nyttar berre eit protein frå torsk, Gad c 1.

Medan allergena i fiskekjøtet og i skinnet ser ut til å vere dei same, er allergenet i fiskerogn, vitellogenin, heilt annleis. Om ein er allergisk mot fiskerogn og derfor også kaviar kan ein derfor likevel ete fisk, og omvendt, berre maten ikkje er forureina med det ein ikkje tåler.

Kryssallergi

Skaldyr
Sjølv om ein har fiskeallergi, treng ein ikkje å ha allergi for skaldyr.
Skaldyr
Av /Shutterstock.

Fiskeallergi gjer ikkje at ein reagerer mot annan sjømat enn fisk. Har ein berre fiskeallergi, vil ein kunne tåle krepsdyr som reker, hummar og krabbe, og muslingar som blåskjel og kamskjel. Allergi mot desse andre typene sjømat er likevel ikkje uvanleg, og ofte kan dei ulike typene sjømat komme i kontakt med kvarandre ved tillaginga av maten. Ved alvorleg allergi mot ein type sjømat, må ein derfor vere varsam – det er ikkje nok å plukke unna den typen mat ein ikkje tåler.

Når det gjeld kryssreaksjon med andre dyreartar, er det rapportert svært sjeldne tilfelle av kryssallergi mellom fisk og kylling og mellom fisk og froskelår på grunn av likskap i muskelproteinet parvalbumin. I praksis kan ein likevel sjå bort frå dette.

Samanheng med tilbereding av fisk

Hovedallergenet i fisk, parvalbumin, tåler koking og steiking. Salting, tørking, røyking, luting eller graving gir heller ingen påliteleg reduksjon av evna fisk har til å utløyse allergi, sjølv om nokre av dei andre allergena enn parvalbumin kan bli øydelagte av høg temperatur eller anna behandling. Det hender derfor at pasientar kan tåle kokt fisk medan dei reagerer på rå eller lite kokt fisk. Hermetisk tunfisk er truleg den fisken som gir minst risiko for allergireaksjon.

Spesielle produkt og skjulte allergen

Surimi er laga av fiskekjøt og vil gje reaksjon hos fiskeallergikarar, som derfor må unngå såkalla crabsticks. Fiskegelatin blir nytta i mange industrilaga matvarer, men ser ikkje ut til å kunne gje allergisk reaksjon. Det same gjeld såkalla ice-structuring proteins (ISP). Fiskekollagenet isinglass som er mykje nytta i produksjonen av vin og noen typer øl, kan innehalde små mengder av fiskeallergenet parvalbumin, men det aller meste blir fjerna i produksjonsprosessen. Risikoen er derfor ekstremt liten eller ikkje-eksisterande.

«Skjulte allergen» kallar vi det når allergen finst i mat der matvara allergenet kjem frå er usynleg og ein ikkje ville vente å finne den. Døme på dette for fisk er ansjos som smakstilsetning i leverpostei, tapenade og Worcestersaus, og noen buljongar og dressingar. Dersom ein har alvorleg allergi, er det derfor svært viktig at ein les innhaldsdeklarasjonen på maten og spør om innhaldet. Innhald av fisk skal alltid vere deklarert.

Rogn

Fiskerogn inkludert kaviar kan gje allergisk reaksjon, men det er ein heilt annan allergi enn den vanlege fiskeallergien som er retta mot fiskekjøtet.

Oljeprodukt

Oljeprodukt frå fisk, til dømes tran og omega-3-produkt, kunne tenkjast å innehalde fiskeallergen, men er lite undersøkt. Oljeprodukta ser i praksis ikkje ut til å vere noko problem, men ved alvorleg fiskeallergi bør ein vere varsam. Ved inntak av mat i feitt eller olje, kan den allergiske reaksjonen komme litt forseinka slik at årssakssamanhengen med maten blir mindre tydeleg.

Førebygging

Ein har lite kunnskap når det gjeld førebygging av matallergi, det gjeld også fiskeallergi. Det er ikkje grunnlag for å unngå fisk under svangerskapet, sjølv om det er mykje allergi i familien. Medan ein før venta med å introdusere fisk i maten til barn i familiar med mykje allergi, har ein nå også gått bort frå dette og gir barnet fisk første leveåret. Det kan vere bra å introdusere fisk, som annan mat, medan barnet får morsmjølk.

Ved matlaging der ein ofte handterer fisk bør ein bruke hanskar. Det same gjeld fiskeindustrien, der ein også vil gjere tiltak for å unngå å puste inn luft med stoff frå fisk (aerosolar).

Behandling

Unngå fisk

Ein har inga behandling som kan fjerne allergien, slik at ein fiskeallergikar i praksis må unngå mat med fisk i, og eventuelt anna kontakt med fisk. Etter regelverket skal innhald av fisk i ei matvare alltid vere tydeleg merkt på pakninga med stor eller utheva skrift.

Svært små mengder allergen skal til for å gje reaksjon ved sterk fiskeallergi. Damp frå ei fiskegryte eller ei dårleg vaska steikepanne eller skjærefjøl kan vere årsak til reaksjon. Derfor må ein ved matlaging og servering unngå å bruke utstyr som har vore i kontakt med fisk utan å ha blitt grundig reingjort etterpå.

Fiskeallergenet kan være 'skjult' i mat der ein ikkje ventar å finne fisk, som til dømes ansjos brukt som smakstilsetning i leverpostei, eller fisken kan vere 'kamuflert' som i crabsticks.

Medisinar

Alvorlege reaksjonar må øyeblikkeleg bli behandla med injeksjon av adrenalin og vidare behandling som ved anafylaktisk sjokk.

Behandling med antihistamin eller kromoglykat (mindre brukt) på førehand vil i nokon grad kunne svekke ein matallergireaksjon, men er ingen metode å bruke i praksis ved matallergi. På forskningsfronten er behandling med injeksjon av anti-IgE-antistoff under utprøving for å svekke tendensen til allergisk reaksjon. Hyposensibilisering («allergivaksinasjon») mot fiskeallergi er ennå ingen etablert metode.

Liknande sjukdomar

To tilstandar kan bli forveksla med fiskeallergi. Den eine er såkalla histaminforgiftning (på engelsk scombroid poisoning). Den kan oppstå etter at ein har spist fisk av visse fiskeartar som har vore dårleg lagra, spesielt makrell. Årsaka er at aminosyra histidin i fiskekjøttet blir omdanna til histamin, som då gir same verknadene i kroppen som histamin som blir sett fri ved ein allergisk reaksjon.

Den andre diagnosen ein kan ta feil av, er reaksjon mot fiskeparasitten kveis, Anisakis simplex. Reaksjon mot denne parasitten gir same symptoma som fiskeallergi. Allergireaksjon på grunn av kveis etter å ha spist fisk er nesten ikkje påvist i Noreg, men er vanleg mellom anna i Spania.

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg