Figurteater er eit samleomgrep som særlig brukast om dokketeater og skuggeteater. Figurteater gjer og bruk av andre fysiske og visuelle verkemiddel, som silhuettar, modellar, objekt, materialer og menneskekroppen.

Ulike formar for figurteater

Dokketeater

I dokketeater nyttast forskjellige typar dokker, som handdokker, stongdokker, marionetter, marotter eller fingerdokker.

Skuggeteater

For å lage skuggar i skuggeteater må lyskjelda plasserast framom det objektet eller den figuren som skal kaste skugge. Skuggar er enkelt og billig om ein til dømes skal arbeide med store dimensjonar.

Silhuetteater

I silhuetteater nyttast motlys for å skape silhuettar. Det todimensjonale omrisset av ein bakbelyst figur eller eit objekt på ei gjennomlysbar flate skapar uttrykket.

Modellteater

I modellteater skapast uttrykk gjennom bruk av modellar framstilt i liten skala, til dømes i papp eller papir. Det kan vere snakk om ein modell av til dømes eit landskap eller eit interiør. Modellteater vert og kalla papirteater.

Objektteater

I objektteater nyttast kvardagsobjekt til å spele med for å skape uttrykk.

Materialteater

Materialteater omfattar bruk av material som tekstilar, hår, vatn eller sand for å skape uttrykk.

Kroppsteater

I kroppsteater skapast uttrykk med isolerte delar av eigen eller ein annan sin kropp. Til dømes føter eller fingrar kan nyttast som figurar. Kroppsteater er nært beslekta med, og har ingen skarpe grenser opp mot, dans og koreografi.

Rommet som aktør

Scenografiske val om speleplass, scenerom eller lokale og materialer kan og opne for at sjølve scenografien i ei framsyning er ein aktør. Rommet blir ein aktiv figur, som kan manipulerast, besjelast eller animerast. Dette kan oppstå ved hjelp ytre påverknad frå til dømes lys, lyd eller video. Eller til dømes ved at fysiske scenografiske element som veggar, tak og golv kan endrast og manipulerast over tid under ei scenekunstframsyning.

Ulike roller

Innan figurteater er det mange roller som ulike personar fyller. Nokon styrer figurane, nokan lagar dei, andre har ansvar for scenografi og design.

Figurspelar, utøvar eller animatør

Figurar må bli aktivert for å fylle den funksjonen dei skal ha i ei framsyning. Den aktøren som gjer dette, blir ofte kalla figurspelar. Figurspelaren er oftast ein skodespelar som aktiverer og styrar figurar. Aktøren som fyller denne funksjonen kan og være utøvar, animatør, dokkeførar, skodespelar eller dansar.

Ein røynd utøvar gjer inntrykk av at ein figur, eit objekt, eit materiale eller ein skugge sansar røynda rundt seg. Utøvaren får figuren til å reagere på inntrykk og til å uttrykke seg på måtar som gjer at publikum får ei oppleving av at figuren eller objektet lever. Figurspelaren manipulerer figuren.

Designar

Den som lagar figurane som vert nytta i figurteater har yrkestittelen designar for figurteater. Omgrepet famnar design av alle typar figurar og objekt og har erstatta bruken av ordet dokkedesignar.

Designaren for figurteater designar utsjånad og teknikk for dokker, objekt og figurar til ei framsyning. Designaren legg fram sitt design i form av visuelle og tekniske teikningar av dei fysiske figurane, og materialprøver og materialforslag. Det er vanleg at designaren for figurane og har oppgåva som scenograf og kostymedesignar for den aktuelle framsyninga.

Figurmakar

Figurmakaren er handverkar og framstiller figurar eller objekt etter teikningar og forslag frå designaren. Ved fleire av dei etablerte teaterinstitusjonane i Noreg arbeider det figurmakarar som fast tilsette handverkarar. Det øvrige kunsteriske laget er innleigde kunstnarar. Både innanfor institusjonane og i det frie scenekunstfeltet er det vanleg at ein scenekunstar har mange roller i den samme produksjonen.

Kva materiale designaren vel for figurane, har tyding for figuren sitt sceniske uttrykk. Tekstilar eller fjør får andre uttrykk enn om figurar er framstilte i tre, stein eller metall. Materialval har og stor praktisk tyding for animatøren som skal handtere og spele med figuren under ei framsyning. Materialval kan og få symbolsk tyding.

Scenografi

Tradisjonelt har ein i figurteateret vore oppteken av å forsterke illusjonen av figurar med sjølvstendige liv, ved at figurspelaren har vore gøymd for publikum. Det vil seie at tradisjonell scenografi for figurteater har vore begrensa til å ha som praktisk funksjon å tilrettelegge for eit illusjonsskapande figurspel.

Det kom ei endring i dette då det i første halvdelen av 1900-talet vart vanlegare å nytte dei effektane som oppstår når figurspelaren og figuren, eller animatøren og animasjonsobjekt, saman er synlege for publikum i scenografien.

Scenografien sin funksjon i figurteateret

Kva scenografien uttrykker har stor innverknad på det praktiske, men og det estetiske arbeidet i ei figurteaterframsyning. Det scenografiske rommet legg føringar for korleis det jobbast med fiksjon, illusjon og suggesjon på scena.

Ei holistisk tilnærming til omgrepet scenografi opnar for at scenografi ikkje framstår som eit statisk design, men at scenografi er aktivt handlande – at scenografi er noko som hender over tid.

Scenografien er av stor tyding for den fiksjonskontrakta som vert inngått mellom framsyninga og publikum. Om scenografien gjennomgår store endringar, får publikum ei oppleving av at verda praktisk tala kan snuast på hovudet. Då fortel scenografien at her og no kan alt hende.

Tre prinsipp

I figurteater nyttast prinsippa fiksjon, illusjon og suggesjon for å skape uttrykk.

Fiksjon

Fiksjon handlar om korleis figuren setjast inn i ein teatral samanheng. Det kan til dømes vere at ein vekslar mellom forskjellige forteljarnivå og fiksjonsplan i ei framsyning.

Illusjon

Illusjon er den delen av animasjonen som byggjer på etterlikning av verkeleg liv eller det vi kallar mimesis. Figurens utsjånad, korleis den beveger seg og bruk av stemme, lyd og lys er viktige element for å skape illusjonen av at figuren har liv.

Suggesjon

Suggesjon går ut på at figurspelaren klarar å overbevise publikum om at figuren opplever verda med sine eigne sansar. Som til dømes at figuren andar. Det er vanleg å skilje mellom realistiske, autentiske og uttrykksfulle rørsle for ein figur eller eit animasjonsobjekt. Realistiske rørsler kopierer menneskelege rørsler i minste detalj.

Estetiske perspektiv

Dei uttrykksformane som figurteateret omfattar, inngår ikkje lenger berre i framsyningar med ein kausal og lineær historiestruktur, ein einingsdramaturgi. Figurteater er og vanleg å sjå i framsyningar med såkalla likestilt dramaturgi, kor dei visuelle uttrykksformene som scenografi, kostymedesign, lysdesign, videodesign, maskedesign og til dømes figur er likestilt med uttrykk som tekst, musikk og lyddsign. Omgrepet visuell dramaturgi eller ikkje-hierarkisk dramaturgi vert og nytta om framsyningar som nytter fleire teatrale verkemiddel på ein likestilt måte.

Historikk

Ved den tyske kunst-, design- og arkitektskulen Staatliches Bauhaus, grunnlagd av Walter Gropius i 1919, vart det eksperimentert med tverrdisiplinære kunstuttrykk. Biletkunstnaren og scenografen Oscar Schlemmer hadde ansvaret for teaterverkstaden på skulen og gjennomførte prosjekt der som kombinerte skulptur, kostymedesign, masker, scenografi, dans, koreografi og figurteater- element. Dette arbeidet vart banebrytande for den retninga innan biletkunsten som etter kvart vart kalla performancekunst.

Verkemiddel henta frå figurteatret vert ofte tatt i bruk på nyskapande måtar og i kombinasjon med dei andre scenekunstuttrykka i det ein kan kalle gesamtkunstwerk. Den tyske komponisten Richard Wagner (1800–1800) er opphavar til omgrepet, der tekst, musikk, opera, dans og det visuelle på ei scene går opp i ei høgare estetisk eining.

Døme på samtidige framsyningar som ein kan kalla gesamtkunstwerk er den verdskjende framsyninga Warhorse (2007) designa av scenograf, figur- og kostymedesignar Rae Smith, framsyninga Moby Dick (2020) av og med kompaniet Plexus Polaire eller Verdensteatret si framsyning Tsalal (2001).

Organisasjonar

  • UNIMA er ein interesseorganisasjon for figurteater i Noreg.
  • Norske Scenografer i Creo organiserer designarar for figurteater i Noreg.
  • Norsk skuespillerforbund organiserer skodespelarar og figurspelarar i Noreg og forvaltar tariffavtala på vegne av figurspelarar i Noreg.

Utdanning

Teaterinstitusjonar som produserer figurteater

Festivalar

  • GO FIGURE! Festival for Figurteater og Visuell Scenekunst i Oslo, Norge
  • Figurfestspillene i Tønsberg Arrangør: UNIMA Norge
  • Pop Up Puppets, International Puppet Theatre Festival Arrangør: UNIMA Sverige
  • Teaterfestivalen i Stamsund

Les meir i Store norske leksikon

Litteratur

  • Alfsen, Knut: Med liv og sjel. Stamsund: Orkana forlag 2012
  • Gladsø, Svein, Ellen Karoline Gjervan, Lise Hovik og Annabella Skagen: Dramaturgi: forestillinger om teater. Oslo: Universitetsforlaget 2005
  • Helgesen, Anne: Teaterhistorien fra en annen kant: Europeisk figurteaterhistorie. Oslo: Tell Forlag 1999
  • Hann, Rachel: Beyond Scenography. London: Routledge 2019

Kommentarar (2)

skreiv Morten O. Haugen

Burde ikke Dordi Strøm oppgis som forfatter her?

skreiv Anne Eilertsen

Jo, absolutt! Takk for påminnelsen. :)

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg