Døme på ferrimagnetisk orden i eit materiale.

I eit ferrimagnetisk materiale er elektronspinna ordna i eit alternerande mønster (opp–ned–opp–ned), til liks med eit antiferromagnetisk materiale. I motsetnad til eit antiferromagnetisk materiale er det netto magnetiske momentet produsert av elektronspinn i den eine retninga sterkare enn elektronspinn i den andre retninga. Dette fører til at materialet har ei netto magnetisering, til liks med ferromagnetiske materiale.

Døme på ferrimagnetisk orden i eit materiale.
Lisens: CC BY SA 3.0

Ferrimagnetisme er ei form for magnetisme som ein kan sjå på som ein mellomting mellom antiferromagnetisme og ferromagnetisme, både med omsyn til fysisk opphav og eigenskapar.

Namnet kjem av at mange ferrimagnetiske stoff inneheld jern.

Fysisk skildring

Ein kan illustrere ferrimagnetisme i si aller enklaste form med antiparallelt orienterte piler (magnetiske moment danna av elektronspinn) av ulik storleik. Sjå ferromagnetisme. Figuren illustrerer skjematisk eit ferrimagnetisk materiale. Eit ferrimagnetisk materiale har dermed ei endeleg magnetisering sjølv om spinna i materialet er ordna i eit antiparallelt mønster. Det at elektronspinna gir opphav til magnetiske moment av ulik storleik, kan ein i praksis oppnå ved at ulike typar ion er assosierte med spinn av kvar type.

Ferrimagnetisme opptrer, som alle former for kooperativ magnetisme, under ein viss karakteristisk temperatur, som vekselvis blir kalla ferrimagnetisk Néel-temperatur og ferrimagnetisk Curie-temperatur.

Materiale

Ferrimagnetisme førekjem i samband med grunnstoff frå d-blokka i periodesystemet. Ferrimagnetiske stoff er ofte vanskelegare å detektere enn ferromagnetar, sidan dei har ei svakare permanent magnetisering. Til liks med ferromagnetar viser ferrimagnetiske stoff hysterese. Døme på ferrimagnetar er yttrium-jern-granat (YIG) og bly-jernoksid (PbFe12O19).

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg