femstein

Femstein er ein leik der ein nyttar fem små steinar som ein skal kaste opp i lufta og fange etter bestemte reglar. Leiken har ulike lokale namn, mellom anna «munke» og «nappe stein».

Reglar

Ein treng fem små, runde steinar, gjerne rundt 1,5–2 centimeter i diameter. Deltakarane sit i ein ring, og spelaren som skal starte held éin stein i handa. Dei fire andre ligg på bakken rett framfor spelaren.

1. runde: Spelaren kastar steinen opp i lufta, samtidig som han grip ein stein fra bakken, før han tek imot steinen som er i lufta.

2. runde: Spelaren kastar dei to steinane han no har i handa opp i lufta, grip ein fra bakken, og tek i mot de to som er i lufta.

3. og 4. runde: No skal ein kaste tre steinar opp i lufta, og gripe den fjerde. Deretter fire steinar i lufta, og gripe den femte.

Spelet blir vanskelegare og vanskelegare for kvar runde. Dersom spelaren mister ein stein, er han ute, og det er neste spelar sin tur til å prøve. I nokre område av landet vart femstein spela med ei lang rekke «turar», med større og større utfordringar.

Historie

Femstein er ein leik med lange tradisjonar, og er kjend fra mange land. Den er omtalt i Norge frå slutten av 1800-talet, og var utbreidd over heile landet. I tillegg til femstein vart den kalla spela stein, kjappe stein, sandstein, munke, knaus og tolvstein.

I nokre kystområde nytta ein ørestein fra fisk, også kalla kvan, til å spele med.

Dikt

Femstein har også fått sin plass i lyrikken. I samlinga Under bergfallet frå 1951 har diktaren Olav H. Hauge eit optimistisk dikt med tittelen Femstein.

Les meir i Store norske leksikon

Litteratur

  • Stemshaug, Marit og Ola: Dette leika vi med. Norske leiker fra dei eldste tider til vår tid. Samlaget 2004.
  • Enerstvedt, Åse: Tampen brenn. Norske barneleikar. Samlaget 1982.

Kommentarer

Kommentaren din publiseres her. Fagansvarlig eller redaktør svarer når de kan.

Du må være logget inn for å kommentere.

eller registrer deg