Fasl er namnet på eit klassisk tyrkisk konsertprogram, framført av kor og orkester. Ordet kan òg brukast om ein fast komponert suite beståande av fire songar, og i vidare tyding om musikkstilen som kjenneteiknar den klassiske tyrkiske sekulærmusikken.

Faktaboks

Etymologi
Frå tyrkisk fasıl, eigentleg ‘stykke’, av det arabiske fasl, av verbet for ‘å skilje ut’.

Oppbygnad

Ein fasl, både i tydinga konsertprogram og suite, er ei samanhengande rekke av songar i same meloditype, makam, berre avbroten av improvisatoriske mellomspel og dikt, særleg av typen gazel.

Eit faslprogram vert sett saman av orkesterleiaren, og kunne i osmansk tid vare i fleire timar, medan ein klassisk fasl i dag består av sju songar i ulike former, i tillegg til mellomspel og lyriske dikt eller opphøgd tale. Ein faslkomposisjon er derimot avgrensa til fire songar i to ulike former, men altså i same makam.

Framføring

Fasl vart i osmansk tid framført i heimar og hagar, inkludert ved hoffet, både i private drikkelag og til gjestebod av semioffisiell karakter. Som følgje av den sunnimuslimske tradisjonen for kjønnsdeling var samlingane ofte kjønnsdelte; kvinnene spela og song i heimane, mennene i meir offisielle samanhengar. Men det fanst også halvprivate og halvoffisielle lag der kvinner og menn deltok saman.

Kontekstforståing

Ramma rundt fasl er sekulær. Difor skal dikta, eller songane, som handlar om kjærleik, rus og lengt, tolkast lyrisk, altså som direkte utsegner av kjensler der og då. Motiva, slik som rosa og nattergalen, begeret og munnskjenken, månen og hårlokken, overlappar likevel med religiøs dikting, som blir framført i andre former og sjangrar, og i andre sosiale rammer.

Fasl i dag

I storbyar som Istanbul hadde faslkulturen mot slutten av 1800-talet blanda seg med den greske vinhuskulturen, og levde vidare utover 1900-talet blant gatemusikantane som spela og song på uteserveringane og inne på serveringsstadene. Denne kulturen finst det framleis restar av.

Meir klassiske faslar blir i dag framførte i konsertlokale av songarar og musikarar som har studert ved konservatorium for klassisk tyrkisk musikk.

Ei vidareutvikling av fasl av det meir langdregne slaget har utvikla seg i tyrkisk radio og fjernsyn. Eit eksempel på dette er TV-showa, dei såkalla gjesteboda, til songartisten Bülent Ersoy på den kommersielle fjernsynskanalen Star TV, der ho syng og pratar med "vennene sine", altså musikarane og songarane som gjestar henne i eit heimsleg innreitt TV-studio med fullt orkester, kor og publikum.

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg