Fantegå er å dra frå arbeidet, ha fråvære frå arbeidet utan å seie frå til arbeidgjevar, eller gå frå eit arbeidsforhold utan å seie opp. Ordet er sjeldan i bruk.

Den opprinnelege tydinga var å loffe, fare omkring som ein fant, ein landstrykar. Denne tydinga er no utdatert, og blir mest brukt humoristisk.

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg