Følgjekone er eit omgrep som har hatt fleire tydingar, frå frille til kvinner som følgde ei brur eller barnemor i kyrkja.
I mellomalderen var ei følgjekone det same som ei frille.
Seinare har følgjekone vore brukt om ei som skulle gå saman med ei barnemor gjennom kyrkja føre gudstenesta den dagen barnet vart døypt, eller ei kone som følgde barnemora til kyrkja seks veker etter fødselen.
I Setesdal har fylgjekone vore brukt om ei brurkone, det vil seie ei som oppvarta brura.
Kommentarar
Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.
Du må være logga inn for å kommentere.