Faktaboks

etruskisk
Uttale
etrˈuskisk
Språkkodar
ett (ETT)
ISO-639:3
ett
etruskisk
Dei tre gulltavlene som blei funne i 1964 i den gamle etruskiske byen Pyrgi (gresk Πύργοι Púrgoi), med parallelltekst på fønikisk (tavla i midten) og etruskisk (dei to andre tavlene).
etruskisk
Av .
Lisens: CC BY SA 2.0
etruskisk
Etruskisk spegel med innskrift. Utstilt ved Museo Nazionale Etrusco di Villa Giulia i Roma i Italia.
etruskisk
Av .
Lisens: CC BY SA 2.0

Etruskisk var eit språk som vart talt og skrive av etruskarane, som budde i Etruria i det moderne Toscana og Nord-Lazio i oldtida. Etruskisk var hovudspråket i eit laust samband av tolv bystatar.

Det etruskiske ordet for 'etruskar' var 𐌀𐌍𐌔𐌀𐌓 RASNA (nyetruskisk) eller 𐌀𐌍𐌍𐌄𐌔𐌀𐌓 RASENNA (gamaletruskisk). Nokre viktige etruskiske byar var 𐌀𐌍𐌙𐌓𐌀𐌕 TARKhNA (latin TARQVINII tarkwiniī, italiensk Tarquinia), 𐌀𐌓𐌔𐌉𐌂 CISRA (latin CAERE kaire, italiensk Cerveteri), 𐌀𐌉𐌄𐌅 VEIA (latin VEII wējjī, italiensk Veii) og 𐌀𐌍𐌖𐌋𐌕𐌄𐌅 VETLUNA / 𐌀𐌍𐌖𐌋𐌕𐌀𐌅 VATLUNA (latin VETVLONIA wetulōnia, italiensk Vetulonia).

Språkfamilie

Veggmaleri

Etruskarane gjorde seg til herrar over bystaten Roma omkring 600 fvt. Romarane stod under innverknaden deira inntil dei, i 396 fvt., inntok hovudstaden til etruskarane Veii. Biletet viser eit veggmåleri i Leopard-grava i Tarquinia, ca. 500 fvt.

Veggmaleri
Av /NTB scanpix.
Etruskarane
Av /Store norske leksikon ※.

Det er blitt foreslått å knyte etruskisk til ei lang rekkje språkfamiliar, frå semittisk og baskisk til turkotatarisk, kaukasisk, finsk-ugrisk og minoisk. Framlegga har likevel vore så dårleg underbygde at det er freistande å klassifisere etruskisk som eit isolat – eit språk utan påviste slektningar.

Nyleg er det likevel blitt foreslått ein klassifikasjon som har vunne ein viss aksept blant språkforskarar, nemleg å samle etruskisk i ein eigen språkfamilie med namnet tyrsensk, saman med retisk og lemnisk. Retisk blei talt i Retia (latin Rhaetia) i dei austlege Alpane i førromersk og romersk tid, fram til 200-talet evt. Det må ikkje blandast saman med retoromansk, det romanske språket som no blir talt i dette området. Lemnisk blei talt på øya Lemnos i Egearhavet på 500-talet før vår tidsrekning. Kunnskapen vår om alle desse språka er likevel så mangelfull at klassifikasjonen byggjer på eit ganske tynt materiale.

Språkhistorie

Etruskarane budde i Nord-Italia, i eit området som på latin blei kalla TVSCIA tūskia eller ETRVRIA etrūria, og som stort sett svarer til det moderne Toscana og Nord-Lazio. Området der dei budde, grensa mot Tyrrenhavet (latin MARE TYRRHENVM mare tyrrēnum) i vest, mot elva Arno (latin ARNVS arnus) i nord og mot elva Tevere (latin TIBER tiber) i aust og sør. Tyrrenhavet er oppkalla etter etruskarane, som på gamalgresk blei kalla tυρρηνoι turrɛ̄nói eller (gamal-attisk) tυρσηνoi tursɛ̄noí.

Etruskisk er kjent frå innskrifter frå kring 600-talet fvt. til 100-talet evt. Arkeologane knyter òg den skriftlause Villanova-kulturen (900–700 fvt.) til etruskarane.

Talet på etruskiske innskrifter – på mellom anna steinar, bly, leirvasar, bronsespeglar og gravvegger – ligg mellom 9000 og 13 000, avhengig av korleis ein tel, og det blir stadig funne nye innskrifter. Forskarane kan lese og forstå ein stor del av desse innskriftene, men mange av dei er gravinnskrifter (i dei mange etruskiske nekropolisane eller «gravbyane») som berre inneheld namnet til dei døde, namna til fedrar og mødrer og av og til alder og kjønn. Trass i det høge talet på innskrifter kjenner vi berre om lag 250 etruskiske ord. Her er to typiske innskrifter:

  • 𐌀𐌍𐌀𐌅𐌉𐌄𐌋𐌄:𐌉𐌌:𐌀𐌊𐌔𐌀:𐌀𐌋:𐌄𐌔:𐌔𐌀𐌊𐌀𐌋𐌌
  • MLAKAS SE LA ASKA MI ELEIVANA
  • 'Eg er oljeflaska til den vakre Sela'
  • 𐌣:𐌔𐌋𐌉𐌅𐌀:𐌖𐌐𐌖𐌋:𐌖𐌓𐌖𐌈𐌋𐌄𐌅:𐌈𐌍𐌓𐌀:𐌔𐌄𐌍𐌀
  • ANES ARNTH VELTHURU(S) CLAN LUPU AVILS 50
  • 'Anes Arnth, sonen til Velthur, død i ein alder av femti'

Det finst over 40 innskrifter med både etruskisk og latinsk tekst, men dei er stort sett svært korte gravinnskrifter. Nyttigare var tre gulltavler som blei funne i 1964, med parallelltekst på etruskisk og fønikisk (kanskje punisk).

Frå kring 700 til 500 fvt. var den etruskiske kulturen på eit høgdepunkt i makt og prestisje, og dei kontrollerte det meste av Italia frå Alpane og ned til dei greske busetnadene i sør. Dei kontrollerte då også Latium, og den romerske kulturen blei sterkt påverka av etruskarane. Gresk kultur kom også først til romarane gjennom etruskarane. Stoda endra seg etter 400 fvt. I 396 fvt. hærtok romarane den viktige etruskiske byen 𐌀𐌉𐌄𐌅 VEIA (italiensk Veii), og i 391 fvt. invaderte dei keltiske senonane Etruria. Mot slutten av 200-talet fvt. hadde romarane erobra heile den italienske halvøya.

Periodar

Cippo Perugino/Cippus Perusinus
Cippo Perugino/Cippus Perusinus (cippusen fra Perugia) har 46 linjer med tekst på etruskisk. Steinen er truleg frå 200-tallet fvt. Den blei funne i 1822.
Av /Museo Archeologico Nazionale dell'Umbria.
Lisens: CC BY SA 4.0

Etruskisk språkhistorie blir delt i to tidbolkar:

  • Gamaletruskisk (arkaisk etruskisk), frå 600-talet til 500-talet fvt.
  • Nyetruskisk (sein etruskisk), frå 400-talet til 100-talet fvt.

Nyetruskisk skil seg frå gamaletruskisk først og fremst ved å ha trykk på første staving og vokalreduksjon i trykksvake stavingar, som til dømes i endringa frå gamaletruskisk 𐌀𐌍𐌍𐌄𐌔𐌀𐌓 RASENNA 'etruskar' til nyetruskisk 𐌀𐌍𐌔𐌀𐌓 RASNA.

Språket gjekk truleg ut av bruk som talespråk kort tid før starten av vår tidsrekning, ved at det blei fortrengt av latin, men det blei brukt i religiøse samanhengar – som eit heilagt eller liturgisk språk i den etruskiske religionen – heilt til 400-talet evt. Den yngste innskrifta er frå år 14 evt., men den ser ut til å innehalde fleire feil, ein indikasjon på at det ikkje lenger var eit levande språk.

Språksystem

Etruskisk har blitt karakterisert som eit agglutinerande språk på veg mot eit flekterande. Det som særmerkjer eit agglutinerande språk, er at orda lett kan delast i mindre element (morfar) med si eiga tyding eller sin eigen grammatiske funksjon, medan eit flekterande språk ikkje har så klare grenser mellom elementa.

Substantiv

Substantivet i etruskisk har eit suffiks for fleirtal (men ikkje for eintal) og for ulike kasus, bortsett frå nominativ. Kasussuffiksa er stort sett dei same i eintal og fleirtal og blir lagde til etter fleirtalssuffikset. Dette kan illustrerast med substantiva som tyder 'son' og 'by' (tomme ruter tyder at det ikkje finst belegg for formene):

𐌍𐌀𐌋𐌂 CLAN 'son' 𐌓𐌖𐌐𐌔 *SPUR 'by'
Eintal Fleirtal Eintal Fleirtal
nominativ 𐌍𐌀𐌋𐌂 CLAN 𐌓𐌀𐌍𐌄𐌋𐌂 CLENAR
akkusativ 𐌉𐌍𐌄𐌓𐌖𐌐𐌔 SPURENI 𐌉𐌓𐌄𐌓𐌖𐌐𐌔 SPURERI
dativ 𐌉𐌑𐌍𐌄𐌋𐌂 CLENŚI 𐌉𐌑𐌀𐌓𐌀𐌍𐌄𐌋𐌂 / 𐌀𐌓𐌀𐌉𐌉𐌍𐌉𐌋𐌂 CLENARAŚI / CLINIIARA
lokativ 𐌉𐌈𐌄𐌓𐌖𐌐𐌔 SPUREThI
genitiv 𐌔𐌍𐌀𐌋𐌂 CLANS 𐌔𐌄𐌓𐌖𐌐𐌔 / 𐌋𐌀𐌓𐌖𐌐𐌔 SPURES / SPURAL

Dei vanlegaste fleirtalsendingane er -AR, -ER og -UR, som står framfor kasussuffikset. I substantivet 𐌍𐌀𐌋𐌂 CLAN 'son' ser vi at det er ei vokalveksling i stamma, mellom 𐌀 A, 𐌄 E og 𐌉 I. Fleirtalssuffikset manglar ofte når substantivet står etter eit talord høgare enn 'éin', som i 𐌋𐌉𐌅𐌀:𐌉𐌂 CI AVIL 'tre år'.

Objektet står ofte i nominativ i staden for akkusativ.

I ein genitivfrase står «eigaren» (i genitiv) etter «det eigde»:

  • 𐌋𐌀𐌓𐌖𐌐𐌑:𐌓𐌀𐌋𐌖𐌕
  • TULAR ŚPURAL 'grensene (grensesteinane) til byen'
  • TUL-AR stein-FLEIRTAL
  • ŚPUR-AL by-GENITIV

Verb og setning

Desse to setningane nedanfor illustrerer nokre sider ved verbbøyinga og setningsstrukturen. Vipia Alśinai, Versena og Arath er personnamn.

  • 𐌀𐌍𐌀𐌂:𐌔𐌀𐌍𐌄𐌔𐌓𐌄𐌅:𐌄𐌂𐌓𐌖𐌕:𐌉𐌀𐌍𐌉𐌑𐌋𐌀:𐌀𐌉𐌐𐌉𐌅
  • VIPIA ALŚINAI TURCE VERSENAS CANA
  • 'Vipia Alśinai gav biletet til Versena'
SUBJEKT VERBAL INDIREKTE OBJEKT DIREKTE OBJEKT
VIPIA ALŚINAI TUR-CE VERSENA-S CANA
Vipia Alśinai gi-FORTID.AKTIV Versena-DATIV bilete
  • 𐌅𐌙𐌖𐌙𐌉𐌆:𐌄𐌋𐌀𐌉𐌈𐌀𐌓𐌀:𐌉𐌌
  • MI ARAThIALE ZIKhUKhE
  • 'eg blei skriven av Arath'
SUBJEKT ADVERBIAL VERBAL
MI ARATh-IALE ZIKh-UKhE
eg Arath-DATIV skrive-FORTID.PASSIV

Det er usikkert om verbet blei bøygt i person og tal i samsvar (kongruens) med subjektet – ein har ikkje former nok til å avgjere det. Verba i dei to setningane ovanfor, TURCE 'gav' og ZIKhUKhE 'blei skriven', er fortidsformer. Det første er aktivt og den andre er passivt. Ein har berre aktive fortidsverb i 3. person eintal og passive fortidsverb i 1. person eintal.

Ordstillinga varierer. Verbet står ofte rett etter subjektet når det også finst eit objekt, som i den første setninga, men elles ofte til slutt, som i den andre setninga.

Uttale

Etruskisk hadde dei fire vokalane I, U, E og A, utan skilje mellom korte og lange. Etruskisk hadde ikkje o.

Språket hadde 17 konsonantfonem, som blei skrivne med 19 bokstavar, fordi fonemet /k/ blei skrive med tre ulike bokstavar.Etruskisk hadde ikkje stemde plosivar, som b, d, ɡ.

Nasalane (m og n) og likvidane (r og l) var truleg stavingsberande når dei ikkje stod ved sida av ein vokal, som i desse døma:

  • 𐌌𐌍𐌉𐌅 VINM winm [ˈwinm̩] 'vin' < latin VINVM wīnum
  • 𐌍𐌕𐌖𐌀𐌋 LAUTN lautn [ˈla͡utn̩] 'familie' < eldre 𐌍𐌖𐌕𐌖𐌍 LAUTUN lautun
  • 𐌄𐌓𐌕𐌀𐌍𐌓𐌆𐌖𐌇 HUZRNATRE huʦrnatre [ˈhuʦr̩natre] 'ungdom'
  • 𐌋𐌐𐌄 EPL epl [ˈepl̩] 'i, til'

I nyetruskisk låg trykket på den første stavinga, som vist i dei fonetiske transkripsjonane ovanfor.

Alfabet

På 800-talet fvt. lånte grekarane alfabetet av fønikarane. Medan det fønikiske alfabetet var ei rein konsonantskrift, begynte grekarane også å skrive vokalar. Gresk mangla fleire av dei typisk semittiske konsonantane som fanst i fønikisk, og bokstavane for fleire av dei konsonantane som var «ledige», blei tekne i bruk for å skrive vokalar.

Etruskarane lånte alfabetet sitt frå grekarane i dei greske koloniane i Sør-Italia kring 700 fvt. På den tida fanst det fleire lokale variantar av det greske alfabetet, og etruskarane tok i bruk ein arkaisk vestleg variant som framleis blei skriven frå høgre mot venstre, som fønikisk. Denne varianten hadde mellom anna fire ulike forskjellige bokstavar for ulike «s-lydar» som fanst i fønikisk, medan det greske alfabetet som blei einerådande frå 400-talet fvt., berre hadde éin, den som i dag blir skriven Σ. Desse fire bokstavane for «s-lydar» blei alle nytta i etruskisk for å skrive to fonem, s og š.

Dei tre bokstavane 𐌂 C, 𐌊 K og 𐌒 Q representerte alle fonemet k. Stort sett blei 𐌂 C brukt framfor 𐌉 I og 𐌄 E, 𐌊 K framfor 𐌀 A og 𐌒 Q framfor 𐌖 U.

Det latinske alfabetet er tydeleg påverka av det etruskiske alfabetet. Den etruskiske skikken med å skrive fonemet k på tre måtar tok også romarane i bruk når dei skulle skrive latin, med bokstavane C, K og Q. Bruken av K i staden for C framfor A overlevde berre i nokre få ord, som KALENDAE kalendai 'den første dagen i månaden i den romerske kalenderen'. Q blei konsekvent nytta framfor V pluss vokal, som i QVINQVE kwīnkwe 'fem'.

Lånord

Ordet person har etruskisk opphav. Vi har fått ordet – via tysk – frå latin PERSONA persōna. Latin hadde lånt ordet frå etruskisk USRE𐌘 𐌖𐌔𐌓𐌄𐌘 PhERSU, som tydde 'skodespelarmaske', men i latin hadde det også utvikla tydingane 'rolle (i eit skodespel)' og vidare 'rolle (i livet)'.

Latin lånte fleire andre etruskiske ord, mange knytte til mellom anna skrift, teater, byggjeskikk, motar og hårfasongar. Eit døme er latin ATRIVM ātrium 'atrium', 'hall i eit romersk hus', som truleg kjem av etruskisk 𐌄𐌓𐌈𐌀 AThRE 'bygning'.

Nokre lån frå etruskisk var opphavleg greske. Eit interessant døme er latin LITTERA 'bokstav' eller 'skriftteikn', som via etruskisk skal kome av gresk διφθέρα diphthéra 'dyrehud', 'skinn', 'lêr' eller 'ein slags pergament'.

Vårt ord difteri 'smittsam sjukdom som særleg set seg i svelg og nase' heng sjølvsagt også saman med διφθέρα diphthéra. Når ein har denne sjukdomen, blir det utvikla ei lêraktig hinne på dei sjuke stadene.

Litteratur

Det eksisterer mange leivningar av dette gamle språket, sjølv om det ikkje er bevart i litteratur. Gresk-romerske forfattarar overleverte og kunngjorde forklaring til ein del ord, og det finst rundt 11 000 innskrifter, dei eldste frå 600- og 500-talet fvt., dei fleste frå 200-talet fvt. til starten av tidsrekninga vår.

Innskriftene er for det meste ganske korte og inneheld i hovudsak namn. Dei finst mest på bruksgjenstandar, særleg på metallspegel, sarkofagar og gravurner og som innskrifter på gravveggane. Dei stammar både frå det eigentlege Etruria og frå Campania og Nord-Italia. Innskriftene vart gjevne ut i Corpus inscriptionum etruscarum (3 bind i fleire avdelingar, 1893–1987) av Carl Eugen Pauli, Olof August Danielsson, Ernst Carl Wilhelm Sittig, Gustav Herbig, Cristofani og Pandolfini Angeletti. Særleg langt (rundt 1500 ord) og såleis svært viktig er eit brotstykke av ein rituell tekst, skriven på lintøy, som ein fann på slutten av 1800-talet, brukt som bind om ein egyptisk mumie. Det blir oppbevart i museet i Zagreb.

Les meir i Store norske leksikon

Litteratur

  • Giuliano Bonfante og Larissa Bonfante: The Etruscan Language. An Introduction, revised edition. Manchester og New York 2002
  • Raffaele D'Amato og Andrea Salimbeti: The Etruscans. 9th–2nd Centuries BC. Oxford 2018
  • David Randall-MacIver: The Etruscans. Fort Wayne 2017
  • Christopher Smith: The Etruscans. A Very Short Introduction. Oxford 2014
  • Rex E. Wallace: Zikh Rasna. A Manual of the Etruscan Language and Inscriptions. Ann Arbor 2008

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg