Moses og Aron med Dei ti boda

Moses og Aron med Dei ti boda, eit av dei viktigaste grunnlaga for kristen etikk.

Av /Sephardi community in London.

Kristen etikk er normene og verdiane som er grunnlaget i kristen tru. Kristendommen har gjennom heile historia si ikkje berre handla om rett tru, men i høg grad også om dei rette handlingane. Etter kristen oppfatning er ei tru utan gode gjerningar ei død tru. Etikk har derfor heile tida vore ein viktig del av den kristne teologien.

Grunnlag

Den teologiske etikken er nært knytt til den allmenne og den filosofiske etikken, både i innhald og metode. Dei ti boda i Det gamle testamentet har gjennom store delar av kristendommen si historie blitt sett på som ei samanfatning av ein felles etikk for alle menneske. Gud har etter kristen tru skapt alle menneske og gitt ei grunnleggjande etisk lov som gjeld for alle.

Jesu liv har ofte – både blant teologar og filosofar – vore framheva som eit ideal for menneskelivet. Også når det gjeld etisk metode og etisk argumentasjon, har den kristne etikken gjennom det meste av historia si stått i nær kontakt med den filosofiske etikken, noko han òg gjer i dag.

På den andre sida har den kristne etikken framheva bestemde normer og verdiar, og han har utvikla eigne etiske modellar som skil han frå filosofiske etikken. Teologisk sett blir normene og verdiane hevda å ha grunnlaget sitt i openberringa, som ikkje utan vidare er tilgjengeleg for alminneleg menneskeleg erkjenning. I praksis er dei forankra i Jesu liv og forkynning, ifølgje forteljingane i Det nye testamentet.

Det er gjort mange forsøk på å samanfatte Jesu liv og forkynning som grunnlag for ein spesiell kristen etikk. Eit klassisk forsøk ligg i dei monastiske løfta (klosterløfta) om lydnad, fattigdom og kyskleik. I desse punkta samanfattar ein nokre sentrale sider ved Jesu liv som førebilete for livet til munkane og nonnene i radikal kristusetterfølging. Samanfatninga av Jesu etiske forkynning har ein ofte funne i Bergpreika og i det doble kjærleiksbodet om å elske Gud over alle ting og sin neste som seg sjølv (Matteusevangeliet, kapittel 22, vers 36–40).

I mellomalderen tenkte ein gjerne at Jesu forkynning i Bergpreika var så radikal at ho ikkje kunne gjerast gjeldande for alle kristne – ho var reservert for livet i klostera, der kristusetterfølging blei sett i system på ein annan måte enn det som var mogleg i samfunnet elles.

Protestantisk etikk

Reformasjonen på 1500-talet braut med førestillingane til mellomalderkyrkja om at det kristne livet hadde to nivå – eitt i klosteret, basert på munkeløfta og Bergpreika, og eitt utanfor, basert på Dei ti boda. Forkynninga i Bergpreika blir no brukt i protestantisk teologi først og fremst som ein spegel som skal vise alle menneske at dei i seg sjølve er syndarar.

Ifølgje Martin Luther (1483–1546) er etikken i Bergpreika eit grunnlag for det kristne livet – eit grunnlag som ein rett nok ikkje kan byggje samfunnet på, men som alle kristen ved hjelp av Den heilage ande kan basere sitt eige kristenliv på. Den reformerte kyrkja, ved Jean Calvin (1509–1564), gjekk lenger enn den lutherske i forsøket på å nytte Jesu forkynning også som grunnlag for organiseringa av samfunnet.

Den lutherske tradisjonen har argumentert med den såkalla toregimentslæra, som trekkjer eit skilje mellom den rettferda som blir gjord gjeldande i den kristelege sfæren, og den rettferda som blir gjord gjeldande i den politiske sfæren. Samfunnet er bygd på den borgarlege rettferda som er forankra i skapinga og fornufta og er den same for alle, uavhengig av tru og religion. Denne rettferda må setjast ut i livet med makt, sidan synda finst i verda. Blant dei kristne rår derimot den kristne rettferda der ein ikkje får etter forteneste, men ut frå nåde, og der ingen andre våpen enn ordet kan takast i bruk.

I teologien er etikk ein eigen deldisiplin innan systematisk teologi, men også den historiske teologien arbeider i stor utstrekning med etiske emne.

Les meir i Store norske leksikon

Litteratur

  • Andersen, Svend (2003). Som dig selv : en indføring i etik, 3. udg., isbn 87-7288-646-3
  • Christoffersen, Svein Aage (2012). Handling og dømmekraft : etikk i lys av kristen kulturarv, 2. utg., isbn 9788215019789
  • Thorbjørnsen, Svein Olaf & Heiene, Gunnar (2021). Kristen etikk. En innføring, 2. utg., isbn 82-15-04806-2
  • Johansen, Kjell Eyvind & Vetlesen, Arne Johan (2000). Innføring i etikk, [rev. utg.], isbn 82-00-12993-4
  • Wyller, Truls (1996). Etikkens historie, isbn 82-456-0049-0

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg