Artikkelstart
Erzia er eit språk som er førstespråket til kring ein halv million menneske i dei nordlege, austlege og nordvestlege delane av republikken Mordovia i europeisk Russland og i tilgrensande område i Volga-bassenget (Nizjnij Novgorod, Tsjuvasjia, Penza, Samara, Sarativ, Orenburg, Ulianovsk, Tatarstan og Basjkortostan). Det høyrer til den mordvinske greina av dei finsk-ugriske språka i den uralske språkfamilien.
Faktaboks
- Språkkoder
- myv (MYV)
- ISO-639:3
- myv
Erzia er offisielt språk i republikken Mordovia, saman med moksja og russisk. Moksja (250 000 talarar) og erzia blir ofte rekna som to dialektar av eit mordvinsk språk, men erziaene og moksjaene godtek ikkje at språka deira blir slått i hop under namnet mordvinsk (russisk мордовская язык, mordovskaja jazyk), eller at dei blir slått i hop som eit mordvinsk folk.
Språket erzia heiter эрзянь кель erzian' kel' på erzia, ein person som høyrer til folkegruppa, heiter эрзя erzja, og genitiven эрзянь erzian' blir brukt i tydinga 'erziansk'. Republikken Mordovia heiter Мордовия Республикась Mordovija Respublikas'. Hovudstaden i Mordovia, som har det russiske namnet Саранск Saransk, heiter Саран ош Saran oš på erzia.
Kommentarer
Kommentaren din publiseres her. Fagansvarlig eller redaktør svarer når de kan.
Du må være logget inn for å kommentere.